Rallarsong på Lurane
VIDEO: «Den kulturelle spaserstokken» besøkte fredag Luranetunet med Rallarsong.
Os kommune og aktivitetsleiar Grete Byrkjeland har denne hausten vore aktive med «Den kulturelle spaserstokken» og underhaldning for dei eldre i kommunen.
Siste framsyning var på behandlingsavdelinga på Luranetunet fredag då Mariann Guddal Hansen besøkte med historier om romantikk, lidenskap, norske folkeviser og historiar om rallarlivet.
- Grete høyrde meg då eg hadde konsert på rallarmuseet i sommar og lurte på om eg var interessert i å koma til Os med utdrag av konserten, fortel Guddal Hansen.
Fredagens konsert på Luranetunet var den tredje i rekka Guddal Hansen heldt på Os. Ho har tidligere vore på møteplass for eldre i Gymnasvegen og på Gamleheimshagen dagsenter.
- Det er utruleg kjekt å få gje desse konsertane, fortel den Askøy-busette songaren med erfaring frå Bergen Operakor og Roots.
Sjå utdrag frå konserten i videoen nedanfor (Foto: Andris Hamre)