Lokal | 05. des. 2018

Rådmannen danna eit solid utgangspunkt

Fire fokusområde: Christian Fotland får tverrpolitisk ros for budsjettframlegget.

Rådmannen danna eit solid utgangspunkt
Rådmann i Os, Christian F. Fotland, då han presenterte budsjettforslaget sitt for kommunestyret tysdag 30. oktober. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 05. des. 2018 09:00

Tysdag 30. oktober la rådmann Christian F. Fotland fram forslag til budsjett for 2019 og økonomiplan for 2019 til 2022.

To veker seinare var det budjettkonferanse på Edvard Grieg Hotel på Sandsli og i formannskapet i går la opposisjon ved MDG og Arbeiderpartiet, og posisjon Frp, Høyre og Venstre, fram sine budsjettforslag.

Stemninga var god, semja var stor og rådmannen hausta mykje ros.

Under ser du hovudprioriteringane i delar av rådmannen sitt budsjettforslag - forslaget som politikarane har tatt utgangspunkt i når dei har forma sine budsjettframlegg (som vi kjem tilbake til).

• På oskommune.no kan du lasta ned og lesa heile (894 kb, PDF)

Os kommune sitt siste budsjett

2019 blir eit historisk år. Dette budsjettet er det siste som blir laga for Os kommune. I 2020 er vi Bjørnafjorden kommune, og om eitt år frå no er det budsjett og og økonomiplan for Bjørnfjorden som skal leverast til politisk behandling.

Budsjettframlegget er basert på ein føresetnad om at SIO-prosjektet (Statleg nansiering av omsorgs- tenestene) blir vidareført ut 2022 i tråd med framlegget til statsbudsjett.

Os kommune har 253,5 millionar i rammetilskot og 581,2 millionar i skatteinntekter i 2018. Summen av frie inntekter er 834,7 millionar. Dette er venta å auka til 889,6 millionar kroner i 2019.

Forventa resultat i 2019: 26.279.000 kroner.
Om ikkje SIO blir vidareført blir det underskot på på 29,2 millionar kroner

Komande investeringar

Det er lagt opp til ei rekkje investeringar både i 2019 og i resten av økonomiplan-perioden.

Her er dei som krev mest av 2019-potten.
(Sjå fleire investeringar, og sum år for år i bildeserie over)

• Borgafjellet barneskule: 7100 kvm, 210 millionar (80 mill i 2019)
• Lunde barneskule – opprusting gamal del: 20 millionar (10 mill i 2019)
• Os Aktiv - ferdig i slutten av 2019: 105 millionar (40 mill i 2019)
• Ombygging av den gamle sjukeheimen: I løpet av våren 2019 er det planlagt å legge ut anbodet på total rehabilitering av den gamle sjuke- heimen. 110 millionar kroner (20 mill i 2019)
• Liv på Øyro 2: 15 millionar, For å kunne ferdigs lle elvepromenaden, nokre mindre studiar og oppgraderingar
: (10 mill i 2019)
• Parkeringsbygg på Osøyro: 63 millionar (25 mill i 2019)
• Politistasjon på Moberg: 60 millionar (20 mill i 2019)

Fire fokusområde

Dei fire fokusområda i rådmannen sitt budsjettforslag er:
1. Klima og miljø
2. Folkehelse
3. Tidleg innsats og førebygging
4. Redusere barnefattigdom

1. Klima og miljø
Administrasjonen blei i samband med kommunestyret si godkjenning av revidert planprogram for klima-, energi- og miljøplan (KLEM) for Os kommune, sak 77/2018, bedt om å sjå på korleis vi kan integrere klimabudsjett i kommunen sin ordinære budsjettprosess. Arbeidet med KLEM-planen er i godt gjenge og vil komme med framlegg om ei rekke tiltak. Som ein del av planen vil vi utarbeide eit kommunalt klimarekneskap.

I 2019 vil Os kommune ha særleg fokus på desse tiltaka:
• Fjerning av båt- og bilvrak
• Redusera forureining av strandsone, vassdrag og naturen - setje av midlar til å premiera ryddeaksjonar gjennomført av barnehagar, skular og privatpersonar.
• Vrakpant på gamle eldstader - set av 100.000 kroner til å gi 2000 i pant per omn eldre enn 1998.
• Redusere matsvinn og auka grad av kjeldesortering - ta initiativ ovanfor BIR for å sjå om det er mogleg med yttalregare kjeldesortering der også matavfall blir kjeldesortert, slik som ei rekkje andre kommunar gjer.

2. Folkehelse
Det har dei seinaste åra vore gjort mykje godt arbeid på folkehelseområdet, mellom anna gjennom stillinga for friskliv og meistring, SLT-koordinator og tryggleiks- sjukepleiar for å nemne noko. Saman med Os Turlag har kommunen merka og tilrettelagt om lag 90 km med turstiar rundt i kommunen.
• Lågterskel familieaktivitetar - Vi vil saman med frivillige lag, legge endå betre tilrette for enkle og tilrettelagte turar i nærmiljøet.
• Barne- og eldretråkk - kartlegga kor borna går og kor det er gode vegar med universell utforming
• Gode møteplassar

3. Tidleg innsats og førebygging
Os kommune har i fleire år jobba etter prinsippet om «tidleg innsats». Spesielt har fokuset retta seg mot barn og unge på helsestasjonen, i barnehagane og på skulane. Tidleg innsats gjeld også i andre fasar i livet. Det er difor viktig å ha dette fokuset i alle tenestene.
• Samordning av tenestene
• Auka kartlegging og bruk av funksjonelle hjelpemiddel
• Funksjonelle bustader

4. Barnefattigdom
Det finst menneske som står utanfor viktige sosiale arenaer på grunn av dårleg økonomi eller dårlege levekår. Kommunen skal førebyggje sosiale problem og betre levekåra for vanskelegstilte ved å sikre meir likeverdige vilkår for barn som veks opp i fattige familiar.
• Vi vil vurdere moglegheiten for å tilby gratis SFO til familiar som av økonomiske grunnar ikkje har råd til å ha barna sine i SFO. Dette kan ofte vere barn som ville hatt svært god nytte av eit slikt tilbod. Det er ikkje sett av midlar til dette i budsjettet. NAV og Oppvekst vil vurdere dette i samarbeid.
• Vi vil også vurdere om ein del av KUP-midlane skal prioriterast til lag og organisasjonar som søkjer om, og kan dokumentere, at dei gir eit gratis tilboddeltaking til barn og unge som ikkje elles ville ha kunne vore med.
• Aktivitetskort - I tillegg vil Os kommune i løpet av 2019 sjå på moglegheiten for å innføre eit aktivitetskort etter modell frå mellom anna Fjell kommune. Dette kan til dømes gitigratisbillettar til bading, kino og anna slik at barn kan vere med på aktivitetar sjølv om foreldra har låg inntekt.

• På oskommune.no kan du lasta ned og lesa heile (894 kb, PDF)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.