Lokal | 05. juni 2013
Radioaktiv øving
Ikkje bli redd om du ser desse antrekka i Os sentrum i morgon.
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 05. juni 2013 22:08
Sivilforsvaret arrangerer, saman med politiet og brannvesenet, ei større øving i Os sentrum i morgon.
– Det er mange involverte og delar av øvinga blir godt synleg for publikum, seier brannsjef Stein Gjøsund.
– Derfor vil vi informera på førehand, så ikkje nokon blir skremt.
Øvinga handlar om handtering av radioaktivt avfall etter romsonde-styrt.
Øvinga starta i Kolskogen onsdag og held fram med øving i Os sentrum både torsdag 6. juni og 13. juni.
– Vi startar cirka klokka 10.30 og held på fram til rundt klokka 14.00 både i morgon og neste torsdag.