Rå køyring i gymsalen
Kule gatebilar i høg fart og med breie sladdar rundt svingane rular gymsalen på Os barneskule denne helga.
Medlemmane i Bergen og omland Modellbilklubb er denne helga samla i gymsalen på Os barneskule for å trena, køyra og skru på bilane sine.
– Det er to år sidan sist vi var i gymsalen, men no i vinter kjem vi til å samlast her ei helg i månaden, fortel leiar Jostein Helland.
Gatebilane si helg
Klubben har hovudbana si ute på Nore Neset, kor det er buggy-bilane som regjerar.
– Her inne er det on road-bilane, eller gatebilane om du vil, som får hovudfokuset. VI har ikkje så mange andre anlegg kor vi kan køyra slik som vi gjer her i helga, fortel Helland medan bilane suser rundt som små hissige veps i banen dei har laga til.
Dei har også overtatt ei bane på Radøy og nyttar vinteren inne på Garnes.
Får besøk av ungdomsklubb
Laurdag kveld opnar dei gymsalen for ungdomsklubben Os Ung.
– Då skal ungdommane få prøva seg med klubb-bilane våre. Det blir heilt uformelt, så får vi sjå om det er nokon av dei som blir bitt av basillen.
– Vi er i dag mellom 70 og 80 medlemmar i klubben, men har plass til fleire.
– Kva kostar hobbyen då?
– Det er alt avhengig av kva du gjer det til, men ein komplett bil med alt runt, som fleire batteri, hurtig ladar og slik kostar omlag 3000 kroner. Då får du ein bra bil, avsluttar Helland.