Sport | 31. aug. 2013

Pussar opp til NM-fest

Herrelaget var lei 80-tals-looken i Oshallen. No blir hallen "ny" til Os-damene tar imot Stord i 2. runde i cupen sundag.

Pussar opp til NM-fest
Trygve Lerch Dahl er nøgd med lagkompisane sin innsats. No skal Oshallen framstå som lysare og trivelegare (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelaurdag 31. aug. 2013 08:34

Rett etter trening fredag ettermiddag skifta herrespelarane til Os Turn Handball frå treningstøy til malingskler. Målet var å mala treveggane og den eine langsida før det blei kveld.

– Vi ønskjer jo oss ny hall, men medan vi ventar så pyntar vi på den vi har.

– Fleire av motstandarane våre klager på at Oshallen er så mørk, så difor fann vi ut at vi skulle spørja om vi fekk lov til å mala dei trekvite veggane i ein lysare farge.

– Vi fekk ja på strak arm, så no er vi i gang, fortel dugnadsleiar, Trygve Lerch Dahl.

Må vera ferdig til sundag

At herrelaget trivst best under press, bør det vera liten tvil om. Hallen må nemleg vera ferdig malt til sundag klokka 16 når damelaget tar imot Stord til 2. runde i NM.

– Damene gjorde ein formidabel innsats då dei slo Fana i første runde.

– No vil vi inspirera dei til ny siger med å mala til fest.

– Om dei legg ned halvparten så mykje innsats på parketten, som gutane gjer med veggane så er eg sikker det blir siger, smiler Lerch Dahl.

Dugnad til terningkast seks

Medan Midtsiden inspiserer arbeidet kjem ny dagleg leiar i Osbadet, Håkon Andree Egeberg Johansen, innom.

– Eg er mektig imponert. Sjølvsagt ville vi vera med då Os Turn ba om å få mala.

Det er Osbadet-leiinga som styrer Oshallen for Os kommune.

– Vi stiller med malinga og dei med arbeidskrafta. Den dugnadsinnsatsen gutane legg ned står til terningkast seks, smiler Johansen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.