Lokal | 07. feb. 2016
Punkterte ved bedehuset
Bilist åtvarar mot fleire hol i fylkesvegen.
Kjetil Vasby Bruarøysundag 07. feb. 2016 09:52
Laurdag i 14-tida sto ei bil punktert på Lepsøyvegen, ved bedehuset mellom Halhjemsvegen og Solbakken.
Ein annan bilist, som bur på Mobergslia, åtvarar mot holene i vegen.
– Eg køyrde forbi då føraren skifta hjul. Eg har sjølv vore nede i det holet, og det blei ein god smell.
– I mørket er holet vanskeleg å sjå for både bilistar og dei på to hjul. Eg håper vegvesenet snart fiksar det, for holet har vore der i rundt ei veke og blir større og større.