Psykkelhelse: – Be om hjelp med «bagasjen» din
Fann ein fin parallell mellom turen og det dei samla inn pengar til.
Torsdag kom Helga Sia og Eirin Austevoll i mål på Nordkapp, 23 dagar etter at dei sykla frå Lindesnes.
Lærarstudentane bestemte seg for å ta ferien på sykkel, å ta distansen som ein tur - og å samla inn til noko veldedig då dei likevel skulle legga bak seg 2.652,2 kilometer.
Valet falt på Mental Helse.
– Vi har ein del om psykisk helse på høgskulen, vi er opptatt av temaet privat og vi reknar med at psykisk helse blir ein viktig faktor i arbeidskvardagen når vi er ferdig utdanna lærarar, sa dei to før avreise.
Då dei kom i mål hadde det kome inn 46.000, etter torsdag har det kome inn 10.000 kroner til i aksjonen @psykkelhelse.
Dei unge damene er overvelda. Samtidig har dei lært noko på turen som dei sjølv og andre kan ha nytte av.
Tung bagasje - munter dialog
Syklistane fekk litt å bryna seg på både fysisk og psykisk på den lange turen.
Men det er ikkje eigen psykisk styrke, fightervilje eller latterkrampane på turen dei vil dra fram etter målgang.
– Det er hjelpa vi fekk, hjelpa vi ba om, seier Eirin.
Dei hadde samla det meste av bagasjen i ei sykkelvogn. Nokre gongar tilbydde bilistar seg å ta delar av bagasjen, eller heile vogna, på delar av etappen. Mange gongar ba dei sjølv om hjelp frå framande.
– Å få hjelp til bagasjen gjorde sykkelturen lettare, men dette blei ikkje berre eit fysisk fortrinn. Vi fekk mange gode samtalar og gode opplevingar då vi spurde om hjelp!
Folk var gjerne skeptiske då dei to damene kom bort. Då dei ba om hjelp, blei tonen langt betre.
Den eine gongen trudde vedkomande at dei selte forsikring, sidan dei hadde logo på refleksvesten.
– I staden blei ho glad! Vårt inntrykk er at folk liker å hjelpa andre. Og nordmenn liker faktisk å snakka med framande, sjølv om det internasjonale ryktet vårt kanskje seier noko anna.
– Vi fekk ein god prat, blei litt kjent og enkelte hjelpte jo med endå meir enn bagasjen, som det fantastisk ekteparet frå Brønnøysund, som både tok oss i hus, vaska kleda våre, serverte middag og snappa med oss resten av reisa.
– Be om hjelp med din «bagasje»!
Eirin og Helga byrja å diskutera korleis dette er ein parallell til aksjonen dei hadde sett i gang.
– Å be om hjelp til bagasjen, eit lite stykke, kan likna på noko av det som er essensielt innan psykisk helse - å ha ein form for bagasje og å våga å be om hjelp.
– I alle fall for ein periode, og kanskje berre med litt av bagasjen. Det kan bety så mykje.
– Men du må våga. Og kanskje du, som oss, blir overvelda over kor hjelpsame folk er, kor mykje andre bryr seg, og kor godt det kan kjennast å ha nokre støttespelarar, seier Eirin.
– Eg kjem til å ha nytte av denne erfaringa sjølv, supplerer Helga.
– Eg skal be om hjelp oftare. Når du ber andre om hjelp, så seier du indirekte til dei at dei kan be deg om hjelp. Det skaper ein relasjon begge kan ha nytte av fleire gongar.