Lokal | 18. juni 2016

Prøvde å stikka frå politibåten

Båten som blei stolen i Øyane, ein Minor 34, blei funnen på Hjellestad. Ein 17-åring er mistenkt for tjuveriet.

Prøvde å stikka frå politibåten
Ein Minor 34 er stole frå Lepsøy i natt (bilete er ikkje av den stolne båten, men av ein tilsvarande Minor modell frå produsenten). Den stolne båten har i tillegg grå kalesje.
Andris Hamrelaurdag 18. juni 2016 12:37

Natt til laurdag blei ein Minor 34 stole frå Skitnavågen ute på Røtinga i Søre Øyane.

– Lepsøy - stole båt i natt frå Lepsøy - Minor 34 reg nr RCD657, merket med JARO OS på begge sider, skriv politiet på Twitter.

Son til eigar av båten, Robert Dale, fortel at faren var sist om bord i båten i 12-tida fredag og då han kom tilbake i 10.30 tida i dag var båten vekke.

– Båten, som har grå kalesje og flybridge er litt spesiell type og ikkje ein veldig ettertrakta modell, meir for spesielt interesserte, fortel Dale.

Prøvde å køyra frå Kjølen

Laurdag har folk vore ute i båtar for å leita og båteigar har vore i Bergen for å melda om tjuveriet.

Om du har sett båten kan ein tipsa politiet på telefon 02800.

Oppdatert: Båten blei funnen i Hjellestad-området i 18-tida.

– Politiet meinte dei kjente båten igjen. Guten som var om bord prøvde å køyra frå politibåten, men gav fort opp, fortel operasjonsleiar Svein Rune Halleraker til Midtsiden.

Guten, som er 17 år, er frå Bergen. Han var åleine i båten og er mistenkt for tjuveri.

– Båten var like køyrbar og blei levert tilbake til eigar. Guten blei tatt inn på politikammeret og føresette blei kontakta.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.