Politi | 27. aug. 2024

Promilletest og fartskontroll i Os

Det enda med to reaksjonar.

Promilletest og fartskontroll i Os
Frå gårsdagens promillekontroll på Ulvenvegen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 27. aug. 2024 10:13

Måndag morgon hadde politiet promillekontroll på Ulvenvegen, tysdag morgon var det tilsvarande sjekk ved Strøno barneskule.

– I Strønevegen var det 30 kontrollerte, men ingeting å reagera på, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

På Ulvenvegen var det 40 kontrollerte, også desse utan reaksjonar.

På formiddagen måndag hadde politiet fartskontroll på E39 Halhjemsvegen.

– Det blei skrive ut to forenkla forelegg. Høgaste målte fart var 83 km/t.

83 km/t i 70-sona fører til eit forelegg på 5050 kroner, men ingen prikkar på førarkortet.

Litt før klokka 11.30 fekk politiet melding om oljesøl i rundkøyringa mellom Byvegen og Industrivegen. Vegtrafikksentralen blei varsla.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.