Privatisering
Lesarinnlegg: Velferd for alle eller lykke for profittjegarane?
I mange år kunne det verka som det var brei politisk semje om at ein god arbeidsgjevarpolitikk også tydde trygge og føreseielege arbeidsplassar for dei tilsette, i det minste i det offentlege. Slik er det ikkje lenger diverre, og avgjort ikkje i Os. Her har vi i det siste fått demonstrert eit godt døme på korleis systemet med konkurranseutsetjing kan fungera; at normalt trygge arbeidsplassar brått kan verta svært usikre, og det ganske unaudsynt.
Men sjølv om folk ikkje mistar arbeidsplassane sine, så skaper systemet i alle høve uvisse om arbeidsvilkåra vidare.
I Austevoll såg vi korleis eldre arbeidstakarar med eit pennestrok risikerte å mista rettane til avtalafesta pensjon. Også på andre vis ser vi at pensjonsordningar og andre arbeidsvilkår for dei tilsette oftast vert dårlegare ved konkurranseutsetjing. Ein stad må jo dei private aktørane henta profitten, dersom det då ikkje er brukarane som risikerer dårlegare tenester. Det har lenge vore ei kjend sak at det knapt er noko å tena på konkurranseutsetjing, føresett at kvalitet på tenester og arbeidsvilkåra til dei tilsette er dei same.
Men for nokre parti er det likevel eit mantra å gje private aktørar eit sugerøyr til skattepengar og andre offentlege inntekter.
Men også på andre felt er høgresida viljug til å setja tryggleik og velferd for arbeidstakarane på spel. Dei blå partia – her inkludert Venstre – er svært så viljuge til ”å mjuka opp” arbeidsmiljølova til dømes. Påskotet er fleksible ordningar til fordel for alle partar, men problemet er at høgresida vil nytta unnataksordningar som brekkstang til meir omfattande endringar. Då vert unnataket til det normale, og med endra makttilhøve kan arbeidsgjevar lettare pressa dei tilsette. Ikkje minst når ein samstundes vil setja fagforeininga på sidelinja.
Arbeidstakarane sine rettar er under press i heile Europa, til liks med fagorganisasjonane som kjempar for dei.
Den økonomiske krisa vart skapt av marknadskreftene med finanskapitalen i spissen.
No skal krisa bli løyst på marknaden sine vilkår, godt støtta opp av nasjonale regjeringar og sentrale organ i EU. Då må dei som er mest utsette frå før, betala prisen med nedskjeringar og innstrammingar på alle kantar.
Den siste LO-kongressen peika klårt på utfordringane i ei rad EU-reglar og direktiv som set faglege rettar og tariffavtalar under press. Dermed sette den også indirekte eit kritisk søkjelys på EØS-avtalen. Det er det all grunn til å gjera, noko også SV har gjort tydeleg – og ganske direkte!
SV er svært oppteken av å hindra utholing av dei tilsette sine rettar i arbeidslivet.
Det trur eg også gjeld mange arbeidstakarar som elles røyster blått og borgarleg. Det er sikkert ikkje utan grunn at mange av desse like fullt er medlemer av fagforeiningar - også arbeidarrørsla sine. Kanskje det er på tide ved dette valet å bidra til å motverka forverring av ordningane i arbeidslivet. Det kan vera eit spørsmål om å sikra eigne interesser ved neste korsveg. Men det er også eit spørsmål om solidaritet.
Kåre Strøm