Lokal | 01. juli 2011

Private stoppa fyllekøyring

Politirapport: Private reagerte på køyringa og stoppa fyllekøyrar til politiet kom.

Private stoppa fyllekøyring
Andris Hamrefredag 01. juli 2011 08:21

I 18.30-tida torsdag ettermiddag reagerte private bilstar på veg over Ulvensletta på køyringa til ein utenlandsk registrert bil.

- Bilen vingla fram og tilbake, dels midt i vegen, dels over i feil køyrebane, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.

- Private varsla oss og fekk stoppa bilen. Dei tok òg nøklane frå føraren medan dei venta på oss.

Politiet var på det aktuelle tidspunktet ute på anna oppdrag, men kom til staden så fort som råd.

Vandra mot Lysefjorden

Føraren av bilen, ein mann av utenlandsk opphav, hadde då politiet kom til staden begynt å gå i retning Lysefjorden.

- Han hadde oppført seg dårleg mot dei som hadde stoppa han og stukke frå staden.

- Vi greip han langs Lysefjordvegen og tok han med oss, fortel Sperrevik.

Bråkate bileigar

Også bileigaren, som var passasjer i den vinglate bilen, laga bråk då politiet kom.

- Han oppførte seg ubehageleg mot patrulja og nekta mellomanna å oppgje personalia.

Til tross for litt språkproblem fekk politiet namn og adresse på mannen til slutt.

- Han vil bli meldt for oppførselen og det å ikkje gje frå seg personalia, avsluttar Sperrevik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.