Samferdsle | 01. juni 2022

Prisrekord i går

Trur prisane vil auka vidare gjennom sommaren.

Prisrekord i går
Både søndag og i går var prisen over 26 kroner på stasjonane i Os. Andre stadar passerte den tysdag 27 kroner per liter for bensin. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 01. juni 2022 09:27

Både søndag og tysdag var prisen per liter blyfri bensin over 26 kroner på fleire stasjonar i Os.

Tysdag passerte prisen 27 kroner per liter fleire andre stadar.

E24 skriv at dei har fått lesarbilde som viser 27,74 kroner i Moskenes i Lofoten som høgaste pris, og blant anna 27,33 kroner på Rong i Øygarden.

– Av konkurranseomsn kan vi ikkje oppgi eksakte prisar, verken dagens eller historiske prisar, men det eg kan seia er at prisnivået vi så i formiddag på bensin på over 27 kroner, er det høgaste nokosinne i Noreg, sa kommunikasjonssjef Knut Hilmar Hansen i Circle K til TV 2 i går.

Måndag fortalde sjefanalytiker Thina Saltvedt i Nordea til TV 2 at bensinprisane kjem til å stiga vidare viss EU vedtar olje-embargo mot Russland - noko EU nyleg gjorde.

I tillegg er sommaren ei tid det normalt blir brukt mykje drivstoff, noko som er med på å føra til auka prisar.

Både NAF og ulike Frp-politikarar ber finansminister Trygve Slagsvold Vedum kompensera ved å kutta avgifter.

Når literprisen er 25 kroner er cirka 40 prosent, altså 10 kroner per liter, avgifter (veibruksavgift, co2-avgift og mva).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.