Positive til koding
Rådmann Christian F. Fotland seier kommuneadministrasjonen er positive til å få på plass programmering som valfag i ungdomsskulen.
Helge Steinum (Ap) nytta høvet til å spørja i formannskapets politiske kvarter om det er reelt og aktuelt å få plass i prøveprosjektet med koding som valfag, som regjeringa har gitt klarsignal til oppstarta av frå hausten.
– Vi har sett litt på dette, og per i dag har ungdomsskulen den kompetansen som er naudsynt for å kunne gjennomføra desse timane. Og vi kjem til å rekkja søknadsfristen 1. mars, svara rådmann Christian F. Fotland.
– I forhold til Nore Neset ungdomsskule, jobbar vi med å kunne finna ei løysing. Det er vanskeleg å tilsetja ein lærar for berre nokre valfagtimar, men vi skal sjå kva vi kan få til.
– Det er to vegar i dette prosjektet: og det er med eller utan tilskot. Vi håpar på å få tilskot, men vi skal greie det utan også, seier Fotland.
Fakta om pilotordninga:
- Pilotprosjektet er treårig, og gjeld frå og med skuleåret 16/17 til og med skuleåret 18/19.
- Regjeringa har sett av 15 millionar kroner over tre år til forsøket med koding som valfag.
- Kommunane og privatskuleeigarar må søkja utdanningsdirektoretet, og ved handsaming av søknadane vert det lagt vekt på plan for gjennomføring av forsøket, plan for kompetansedeling lokalt, fordeling mellom store og små kommunar og geografisk spreiing.
- Direktoratet vel ut dei kommunane/ skuleeigarane som får økonomisk tilskot. Over 30 kommunar kan bli med, og dei vil få støtte undervegs frå Utdanningsdirektoratet og Senter for IKT i utdanninga.
- Skuleeigarar som ikkje får tilskot kan likevel vera med i ordninga så lenge dei andre kriteria er oppfylte.
- Skuleeigar må delta med minst to skular, dersom han har meir enn ein skule med ungdomstrinn.