Portrett: Kjetil Osablod Grønvigh
Han er utdanna bonde, har fått terningkast 1 av Dagbladet, jobba som gatefeiar i London og har spelt konsertar i California. No er han glad han har funne seg ein interessant jobb.
Anten det er bryggedans på Os Sjøfront, UKM i Oseana eller markering i Minneparken 8. mai, så er Kjetil der, gjerne i bunad, med ei ugletatovering oppover på halsen, og passar på at arrangementet går som smurt, at talarar og musikarar får ei god tid i rampelyset. Men kva fortid har denne engasjerte, muntre ja-personen i kultureininga?
– Dei andre i bandet reagerte ulikt, eg ramma den inn, fortel Kjetil Osablod Grønvigh (42) om dommen frå Dagbladet sin konsertmeldar. Bergensbandet han var ein del av, Cheese Cake Truck, budde i London, men blei henta til ByLarm. Der stilte dei, berre iført gaffateip (rundt «sneglahuset»), og rocka seg til svakaste karakter.
– Når du får totalslakt så har du i alle fall gjort inntrykk! Eg fekk dessutan høyra i ettertid at det blei ein diskusjon i riksmedia om kor mykje slakt det var etisk greit å gje til eit band.
Draumen var naturlegvis å leva av musikken. No har han kultur som fulltidsyrke, og deltisjobb med eige backline-firma. Vegen til kultureininga i rådhuset har vore prega av ærleg arbeid. Og svolt.
Bonde og soldat
Han visste at han ikkje ville gå gymnas og landa på jordbruksskulen på Stend. Naturleg nok, etter å ha dilta bak nabo Erling Tveit med slåmaskina på Klyva, og køyrd traktor på Moldegård.
På Stend fekk han traktorlappen, som òg gav han lov til å køyra moped. Ambisjonen om å finna ei jente som var arving til ein stor korngard på Austlandet blei raskt skrota. Han synest uansett at det er greit å veta fram og bak på ei motorsag, korleis du mjølkar ei ku og korleis du pløyer ei mark. Åra på Stend får han framleis bruk for.
– Eg såg ikkje nokon god grunn til ikkje å stilla på sesjon. Derfrå gjekk turen vidare til rekruttskule på Trandum og førstegongsteneste i Bardufoss. Det ser eg tilbake på som ei fin og sytalaus tid. Du får mat og ein plass å sova, og du får beskjed om alt du skal gjera. Sett vekk frå all ventinga, og mange meiningslause oppdrag, var det berre kjekt. Ikkje minst fordi eg blei vognførar på stridsvogn.
– Å vera 19-20 år og susa av garde på E6 i ei 40 tonn tung maskin til 26 millionar kroner er noko for seg. Leopard er det tøffaste du kan kjøra etter jagerfly, eg kunne tenkt meg å få ei veke til i militæret berre for å køyra stridsvogn éin gong til.
Dei første banda
Han spelte trompet i skulekorpset før vegen gjekk vidare via gitar til veslebroren sitt trommesett. Der blei han sitjande.
– Join Us samla tidleg på 90-talet mange ungdomar i Os. Det var ein god plass, også for sånne som meg, som ikkje var så opptatt av Jesus, men som elska å spela musikk. Når du må læra deg over hundre coverlåtar i alle moglege sjangrar så blir du betre.
Saman med venar frå Join Us starta han ungdomsbandet «Maintaining Blue». Etter førstegongsteneste blei han kontakta av ein kamerat frå Kalandseid. Bandet hans, Cheese Cake Truck, mangla trommespelar.
– Det var som ein draum, å få spela i eit røft, hardtslåande band frå Bergen - og å få spela på Garage, seier musikaren.
Cheese Cake Truck hadde allereie gjeve ut EP, fått vist ein musikkvideo på TV2 og jobba i halvanna år med eit eigenfinansiert album som aldri blei gjeve ut.
Det eine bandmedlemmet var ekstra driftig, og fekk organisert ein turné for favorittbandet sitt i England, Miranda Sex Garden. Han teikna naturlegvis Cheese Cake Truck på som oppvarmingsband.
– Det var jo òg ei oppleving, å turnera i dobbeltdekker-buss i Skandinavia i 10-14 dagar, å føla seg som ei rockestjerne, men å ikkje ha ei krone. Då turneen var over og vi i København skilte lag med det britiske bandet sto vi der på togstasjonen, iskalde klokka 5.30 om natta, og turen heim til Bergen kunne starta.
Fire fattige og rike år i London
Tur til London for å besøka det britiske bandet påsken 1998 gav meirsmak for bergensbandet, og på hausten same år bestemte dei seg for å bryta med studier, jobb og kjæraster for å prøva lykken i England. Her heime følte dei at folk ikkje heilt forsto musikken deira.
– Vi var eksentriske. Av kjente namn vi kan samanlikna oss litt med, er Faith No More og System of a Down, seier Kjetil, som sjølv har Iron Maiden som sin musikalske «konstant».
På plass i Londons verste austkant fekk dei leiga eit hus av ein indar. I gata lurde naboane på kva desse «kvitingane» gjorde i dette strøket.
– Vi brukte eit halvt år på å koma på plass, på å få oss jobbar. Instrumenta blei liggande i eskene mens vi blant anna jobba som gatefeiarar til fots.
Så kom dei i gang, byrja å øva igjen og fekk dei første spelejobbane. Det blei trykking og utdeling av flyers for å få publikum til konsertane.
– Dette var før Facebook og annan allmenn bruk av internett. Mykje var betre før, når det kjem til musikkbransjen, men nokre verktøy gjer dagens jobb enklare.
Cheese Cake Truck byrja å bli nemnt i ulike musikkmagasin. Så kom den berømte turen då dei blei flydd heim til ByLarm.
– Før vi reiste hadde vi jo sett at bergensbølgen var i gang, men etter terningskastet frå Dagbladet fekk vi jo stadfesta det vi sa før vi reiste; Noreg var ikkje klar for vår sjanger.
USA og ubåtsyndrom
Hausten 2000 fekk Cheese Cake Truck støtte frå det offentlege i heimlandet til å testa musikken sin for nytt publikum, i California.
– Eg hugsar ikkje om eg hadde hundre eller tusen kroner med meg i lommepengar, men eg hugsar at det var lite, og at vi også i USA stort sett gjekk rundt og var svoltne.
– Men vi fekk spelt både i San Francisco og på Sunset Strip i Los Angeles, og vi fekk to kvinnelege managerar frå Los Angeles. Dei bad oss tona ned uttrykket litt, noko som ikkje var aktuelt. Vi fekk ei god oppleving, men det blei med håpet på denne turen òg.
Kjetil kjøpte seg to raude terningar som suvenir for dei siste kronene han hadde igjen. Dei har han enno hengande i bilspegelen.
– Tilbake i London gjekk vi oss etterkvart leie av det meste, også kvarandre. Eg trur vi kan kalla det for ubåtsyndrom, vi hadde vore lenge i same hus.
Kjetil lengta heim til Os, fann seg kjæraste, blei far og flytta heim. For Kjetil venta nye band, nye jobbar og, til slutt, ein jobb han kan utfalda seg i innan det han liker best.
Nye tankar i gamlerådhuset
I heimbygda sto Os Rockeklubb på jakt etter lokale, då Teigenhuset skulle rivast. Samtidig var Kjetil blitt småbarnsfar, og trengte inntekt.
– Eg jobba i ulike stillasfirma, og eg fekk gleda av å jobba for brørne Espen og Bård Lyssand, som salssjåfør. Etter det var han brødbilsjåfør for Drageset, men å stå opp på natta for å gå tidleg på jobb passa dårleg for ein rockemusikar.
Musikkinteressa blei halden ved like, både i nye band og som engasjert leiar i rockeklubben, som først fekk midlertidig lokale i eit naust i Oselvo, og i 2004 flytta til kjellaren i Oshallen, der dei framleis held hus. Med tributebandet Red Hot Cherry Poppers, og seinare i King Calling og Warfart, fekk han tromma vidare.
– I dag er det berre Warfart som er i aktivitet. Vi møtest, drikk ein Clausthaler kvar, pratar litt og får blåst ut ein dose rock. Det er katalysatoren vår, ein syklubb vi treng for å halda oss i sjakk resten av veka.
Herr Grønvigh, som tok osablod-tatovering i 2010 og nytt mellomnamn året etter, såg seg ut draumejobben sjølv.
– Eg sa til Lisbeth (kultursjef Axelsen) at om Jonny Haugland sin jobb blei ledig, så var eg klar.
Det starta med vikariat, så fekk han 50 prosent stilling, og då denne gjekk opp i 100 prosent, kjente Kjetil at han verkeleg var på rett plass.
I dag har han kontor i det gamle kommunehuset ved Kyrkjeflaten. Etter at Grønvigh kom inn i kultureininga har vi sett ideane hans slå ut i full blome, frå Mari Lyssand si gjennomføring av 200 år av Os-soga på 10 minutt, til Julemarknadsdagane og det å kombinera Oselvarfestivalen med oselvartatovering (!).
– Det er ikkje alt du kan endra på, som markeringa av viktige dagar i mai, men det er alltid noko som kan gjerast litt betre, ein større scene, eit godt lydanlegg, ein god talar.
– Takhøgda er god, både hos leiinga på rådhuset og her på dei heimekoselege kontora våre på Kyrkjeflaten. Eg føler meg heldig med både jobben og kollegaene mine.
Kultursjefen synest det er ei glede å jobba med Grønvigh, men at ho, for budsjettet sin del og for Kjetil sin del, av og til må halda litt igjen.
– Han er ikkje berre ein mann med gode idear, han tar det frå A til Å, med god gjennomføringskraft. Han er òg ein perfeksjonist, så av og til må eg seia «no er det godt nok», så han kjem seg heim frå jobb.
– Om nokre av ideane kostar litt å gjennomføra, er Kjetil òg flink til å få mykje ut av kvar kulturkrone.
Å spreia inspirasjon - og å selja Os
På spørsmål om kva han liker best med jobben sin, utover det at han får jobba med kultur på mange ulike plan, fortel Kjetil om både gjennomføring og om personlege opplevingar.
– Stega frå vi sit og luftar idear til å sjå at dei tar form er noko eg liker godt, men det beste er å sjå ein nervøs ungdom før UKM gå nøgd av scenen etterpå.
– Det er òg ein stor inspirasjon å sjå andre bli inspirert, å vera med på å selja Os.
– Du har også ditt eige firma, der du leiger deg ut som frilanser til mellom anna Bergen Backline. Du er altmoglegmann og ja-menneske. Du har jobben din som hobby. Mange kan ha bruk for ein DJ, ein teknikar eller ein trommespelar også på kveldstid og i helgene. Kan kalenderen bli for full i periodar?
– Ja. Eg brukte litt tid på å læra meg å seia nei, og til å gje frå meg oppgåver, å ikkje alltid vera den som kjem først og går sist. Det er vanskeleg å både vera kunstnar og strukturert, å ha idear og å sjå til at alt blir gjort akkurat slik du såg det for deg. Men eg har blitt betre.
– Men jula blir travel?
– Nei. Vi skal laga julemarknadsdagar og vi får nokre veker der eg skal vera skøytebanemeister. Og så startar påmeldinga til UKM, som går i Oseana 3. februar. Det skal gå fint å kopla ut når julaftan nærmar seg.
Iron Maiden-figurane står på kontorpulten og Kjetil seier han MÅ høyra på musikk heile tida, anten han jobbar eller går fjelltur.
– Kva musikk får deg i julestemning?
– «Fayritale of New York» med The Pogues og Kirsty MacColl. Den må eg høyra for at det skal bli jul i huset.