Lokal | 25. aug. 2013

Populært treffpunkt

Unge som har kreft i familien har sidan april i år hatt tilbod om å treffast. – Det har vore veldig kjekt å sjå korleis ungane støttar kvarandre, seier Sigbjørg Eriksson.

Populært treffpunkt
I juni hadde Treffpunkt ei hyggeleg sommaravslutning på Ramsholmen. I morgon er første treff-kveld etter ferien.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 25. aug. 2013 09:56

I april fortalte vi om den nye kommunale tenesta, Treffpunkt, med nytilsett kreftkoordinator i Os, kreftsjukepleiar Sigbjørg Eriksson.

– Det kan vera godt for unge som har foreldre, besteforeldre eller søsken som er kreftsjuke, å møta andre ungar i same situasjon, seier Eriksson.

Treffpunkt, som hadde oppstart 22. april i Os, er eit tilbod éin måndag i månaden, for ungar mellom 6 og 16 år.

– Vi har hatt 10 ungar på Treffpunkt i vår og har plass til fleire. Før sommaren hadde vi ei fin samling på Ramsholmen, med grilling, fisking og bading, i morgon startar vi opp igjen.

Samtalar, leik og baking

Eriksson fortel at målet er at ungane, ved å treffast, leika saman og i gruppesamtalar, skal finna trøyst og støtte.

– Vi har samtalar der alle fortel kvifor dei er der. Nokre har gjerne opplevd at slektningen nyleg har blitt sjuk, at sjukdomen har forverra seg, at dei har hatt problem med å få sova eller at nokon har kome med dumme kommentarar på skulen.

– Då kan det vera godt å høyra at andre har opplevd noko liknande, og korleis dei har hatt det. Ungane er veldig flinke til å snakka med kvarandre og hjelpa, samtidig som det kan vera godt å vera saman med nokon dei har dette til felles med.

Utanom samtalane er det leik, aktivitetar og matlaging på programmet.

– Det skal vera eit lågterskeltilbd der ungane kan delta dei måndagane det passar, seier Sigbjørg, og viser til ein brosjyre om tilbodet som ligg på kommunen sine heimesider.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.