Populært motbakkeløp er tilbake
Kan deltakarrekorden frå 2018 bli slått?
Os Turn Friidrett, som arrangerer det store LøpE39 frå Os til Bergen gjennom nye Lyshorntunnelen laurdag 18. juni, lar Osløpet og Ulvenvatnet rundt stå på pause i år.
Men motbakkeløpet Mobergslia Opp blir gjennomført.
Datoen er torsdag 7. april, løypene er som før.
Kort løype går frå Solbakken og 1.000 meter opp Mobergslia, lang løype går frå fjøra i Kuvågen og opp, i alt 1.900 meter med motbakke på asfalt.
– Det er opna for påmelding. Det er foreløpig ikkje lagt ut informasjon på osturn.no, men arrangementet ligg ute på EQtiming, fortel Åge Gulbrandsøy frå friidrettsgruppa.
Tilbake etter to år med pause
Løpet heitte tidlegare «Mobergsdilten», men endra namn til Mobergslia Opp då motbakkeløp, og det å arrangera motbakkeløp, for rundt ti år sidan tok litt av.
I 2018 var det comeback for løpet, etter nokre travle år for friidrettsgruppa som også arrangerer eigne stemne og dei opne løpa Osløpet og Ulvenvatnet rundt.
No har det vore pandemipause for Mobergslia Opp i 2020 og 2021.
Åge reknar med over 50 deltakarar frå Os Turn, men kanskje det doble totalt.
– Løpet er ope for alle, og vi kan fint koma på rundt 100 deltakarar totalt.
– Vi varslar alle som bur i Mobergslia, sidan vegen blir blokkert av løparar i periodar tidleg på kvelden. I Kuvågen er det berre vegkryssing og mindre strekk i feltet, men vi håper trafiantane her også tar omsyn. Vi har sjølsagt vaktar i løypene.
Rekordane
Deltakarrekorden er 104 i 2018.
Sist det blei arrangert, i april 2019, var det 81 deltakarar, 20 i lang løype, 61 i kort løype.
I 2019 blei det også ny løyperekord på kvinnesida.
Kjersti Tyse Lyssand vann kvinneklassen. Med tida 9,33 slo ho løyperekorden (9,43) ho sjølv sette i fjor.
Erik Vaktskjold var raskast i 2019. Han sprang på 8,47, eit drygt halvminutt bak løyperekorden til Håvard Austevoll (8,15).