Politiet stoppa fest i Os
Skal ha vore fleire enn 20 deltakarar - fleire skal ha vore mindreårige.
På Twitter melder Vest politidistrikt om ei travel natt med heile 22 meldingar som omhandlar natteroen.
Politiet skriv vidare at dei hadde kapasitet til å rykka ut til sju av desse.
Til BT.no opplyser operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen at to av festane hadde over 20-25 deltakarar.
I Bergen sentrum blei det festa i eit bukollektiv. Det var også ein større fest i Os med mindreårige deltakarar.
– Festane blei avslutta med munnlege pålegg og veiledning om smittevern, seier operasjonsleiaren til BT.no.
Ifølgje dei nasjonale anbefalingane er det oppmoda om å ikkje ha besøk av fleire enn fem gjestar som du ikkje bur saman med.
Det er samstundes forbod mot meir enn ti personar på private samankomstar utenfor eigen heim, som til dømes ein bursdag i leigde lokale. Om samankomsten er utandørs, er grensa 20 personer.
Det er ikkje berre her i vest at politiet har hatt mange festrelaterte oppdrag. Ifølgje NRK.no blei i alt 78 personer ble natt til søndag meldt for brot på smittevernlovane i samband med festar i Oslo og Bærum.