Politiet observerte ungdomar med softgun - oppretta sak og tok beslag
Var på offentleg stad utan aktverdig grunn.
Måndag i 20-tida observerte ein politipatrulje ein ungdomsgjeng med våpenliknande gjenstandar.
– Dei rekna med at det var softgun eller liknande våpen, og fekk rett, fortel politioverbetjent Martin Nordeide.
Ungdomane var i alderen 15 til 18 år. Politiet tok beslag i to softgun/air soft, kontakta foreldre og oppretta sak.
– Det er lov å kjøpa og eiga softgun, om du er over 18 år, men ikkje å ha dei med på offentleg stad utan aktverdig grunn.
«Det betyr at man ikke kan ta med seg airsoftvåpen på byen for å ha den med seg. Hvis man derimot er på vei til et arrangement kan man selvsagt bære den i en lukket sekk på veien til arrangementet, dette er aktverdig grunn» skriv Norges Airsoftforbund på sine heimesider.
Forbundet viser til både våpenloven og våpenforskriften.
På same måte som det ikkje er lov å gå med kniv på offentleg stad, er det ikkje greit å gå blant folk med softgun.
– Sjølv om desse oftast blir brukte til leik eller sport, er mange av dei svært like vanlege skytevåpen, og kan skapa unødig frykt. Dei er heller ikkje ufarlege i bruk.
Beslaget blei gjort i eit bustadområde sør for Os sentrum. Det var tilfeldig at patruljen observerte ungdomane og såg softgun-ane.
– Vi får sjå kva jurist seier om vidare oppfølging av saka. Eg reknar med at det blir i ei forebyggande spor.