Lokal | 20. feb. 2016

Politiet fann «sakna» drosjepassasjer

Politiet natt til laurdag: Røyk frå tak, amper stemning i sentrum, velta tre og funn av nedkjølt mann.

Politiet fann «sakna» drosjepassasjer
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 20. feb. 2016 11:45

Fredag i 19-tida kom det melding om mogleg branntillaup på eit tak i Halhjemsmarka.

Det var røyk frå taket, men denne viste seg i koma frå arbeid på taket og det var ikkje fare for brann.

Tre blokkerte veg

I 2-tida natt til laurdag fekk politiet melding om velta tre på Drange.

– Treet blokkerte vegen til Drange, i tillegg hadde det tatt med seg ei telefonlinje på veg ned, fortel politibetjent Janne Samuelsen.

Vegtrafikksentralen blei varsla og tok hand om treet og vidare varsling til Telenor.

Amper stemning

Mellom klokka 3 og 4 i natt fekk politiet melding om fyll og amper stemning i Os sentrum.

Patruljen fekk kontakt med dei aktuelle personane og det roa seg på staden. Det er ikkje oppretta sak.

Leitte etter «sakna» drosjepassasjer

Laurdag morgon ringte Os Taxi til politiet.

– Ein ung mann i Lysefjorden hade ringt etter drosje to gongar. Då drosjesjåføren ikkje fann passasjerern blei han uroleg.

Politiet køyrde til Lysefjorden og fann mannen våt og nedkjølt, men oppegåande, vandrande langs vegen.

Han blei tatt med til legevakt for sjekk og blei funnen i fin nok form til å køyrast heim.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.