Lokal | 16. juni 2012

Poker Run innom Os igjen

VIDEO: Éin båt gjekk rundt, resten kom seg fint til Bekkjarvik via Øyane og tilbake til Bergen.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 16. juni 2012 23:34

Bildeserie:

Bergen Poker Run 2012. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Arefjord & Co i Miami-en til venstre. (Foto: KVB)
Arefjord & Co i Miami-en til venstre. (Foto: KVB)
Fearless - designa av Porsche.  (Foto: KVB)
Fearless - designa av Porsche. (Foto: KVB)
Bergen Poker Run 2012. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Bergen Poker Run 2012. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Dårleg vêr - godt publikum. (Foto: KVB)
Dårleg vêr - godt publikum. (Foto: KVB)
Jon Terje Lepsøy er fast med med Batman-båten. (Foto: KVB)
Jon Terje Lepsøy er fast med med Batman-båten. (Foto: KVB)
Pappa John kan framleis læra Jon-Terje litt om båt. (Foto: KVB)
Pappa John kan framleis læra Jon-Terje litt om båt. (Foto: KVB)
Midtsiden var ikkje einaste fotografen på Hølmen. (Foto: KVB)
Midtsiden var ikkje einaste fotografen på Hølmen. (Foto: KVB)
1 av 10

I dag gjekk båttreffet Bergen Poker Run 2012 av stabelen, også i år med pitstop i Øyane.

– Det var visst ein Skater som gjekk rundt då vi kjørte ut frå Hjellestad. Eg trur den hamna på ei krapp hekkbølgje frå ein Princess akkurat då vi gav på litt i etappen mot Strøno. Vi fekk det ikkje med oss, men det var følgjebåt i nærleiken, fortel Karl Ole Lyngbø.

Les òg: Osingar på Poker Run i New Orleans

Lyngbø skulle eigentleg vera mannskap på ein Fountain frå Stavanger saman med to andre båtinteresserte osingar, Anders Arefjord og Eirik Haugland. Men båten frå Stavanger kom ikkje, så då lånte dei Johannes Brimsholm, som er på jobb, sin raske Miami til båttreffet for folk med sans for raske båtar. Rundt 25 båtar deltok i år.

Uskadd

Det gjekk fint med alle om bord i båten som gjekk rundt, stadfestar arrangørane ovanfor BT.no.

– Nokre av dei er no med på festen her på Sachen. Eg reknar med at dei andre er og skrur på båten, seier Haugland laurdag kveld.

Manglar tre kort

Deltakarane har kome tilbake til Bergen etter turen til Bekkjarvik, men har førebels berre fått 2 av dei 5 korta dei får som pokerhand.

– Så får vi sjå kven som vinn i år. Vi skal no berre visa korta, og ikkje spela, så det betyr ikkje så mykje.

Midtsiden har fått med seg poker run passera Os kvart år sidan start.
• Her kan du sjå bildeseriar frå dei førre to åra, 2011 og 2010.

Midtsiden samleside: Båt og sjøliv

VIDEO (01:55): Sjå Poker Run-etappen frå Askvik til Øyane og litt av stemninga på pitstop på Bunnpris Vedholmen Landhandel. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.