Lokal | 24. sep. 2011

Plutseleg blei det alvor

BILDESERIE: Ope brannstasjon blei igjen ein suksess, men plutseleg måtte brannbilane ut på jobb.

Plutseleg blei det alvor
Andris Hamrelaurdag 24. sep. 2011 18:23

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 10

Laurdag blei det arrangert open brannstasjon på 350 brannstasjonar over heile landet. Frå klokka elleve strøyma det på med små brannguter og -jenter som ville freiste å sprute med brannslange, køyre brannbil og løyse oppgåver.

Då Midtsiden.no var innom i halv tolv tida hadde allereie ein god gjeng fått køyrd ei runde i ein av ei to brannbilane. Arrangementet varte fram til klokka 14, men ein halvtime før måtte plutseleg ein av bilane ut på oppdrag.

- Vi fekk melding om ein automatisk brannalarm i eit bolighus ute på Halhjem, fortel brannsjef Stein Gjøsund.

Det viste seg å vera falsk alarm.

- Huseigar var vekkreist, men naboane hadde undersøkt før vi kom ut. Vi tok ein ekstra sjekk før vi reiste innatt til stasjonen.

- Trur du eg høyrer alarmen?

Fram til alarmen gjekk hadde Gjøsund vore travelt opptatt med å svare på spørsmål frå unge vitebegjerande brannmenn.

- Eg er mektig imponert over alt dei kan. Naudnummer og kva ein skal gjera har dei full kontroll på.

- Også stiller dei mange gode spørsmål, fortel brannsjefen.

Ein av spørsmåla han fekk var frå ein liten gut som kom bort til han og lurte på om brannsjefen trudde at guten ville høyre om brannalarmen i gangen heime gjekk når han søv. Han pleide jo alltid å sova med døra lukka.

- Eg kunne roa han med at det trudde eg. Og om ikkje han høyrte den så er eg sikker på at dei vaksne i huset ville gjera det.

- Det svare var han nøgd med, smilar Gjøsund.

Kor mange som var innom hadde ikkje brannsjefen oversikt over då Midtsiden snakka med han.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.