– Plis hjelp oss!
Tre jenter på Halhjem ønskjer å behalde hytta si. No har dei skrive brev til kommunen for å stoppa bustadbygging.
I postlista til Os kommune den 6. februar er det registrert eit brev med "Tre skjønne jenter" som avsendar. Det er ikkje rart postmottaket har latt seg sjamera av det handskrevne brevet, kor jentene ber om hjelp til å bevara hytta si i Kvernhusrennen.
Her kan du lesa det usignerte brevet som sjarmerte dei kommunetilsette:
"Kjere Kommune! Kan dere hjelpe oss. eg, Lisa og en vennine har en hytte på et berg dere skal sprenge og bygge hus på.
Og den hytten betyr mye mer enn dere tror.
Plis hjelp oss!
Vi vil så gjerne beholde hytta vår!
Plis ikke bygg på bergen i kvernhusrenen. OK? den hytta betyr så mye for oss!"
Skal få svar, men kven er dei?
Monica Moberg er sakshandsamaren i kommunen si byggesaksavdeling som har fått brevet frå dei tre jentene på sin pult.
- Eg vil be utbyggaren kommentera brevet og gje jentene eit svar.
- Det er riktignok to aktuelle tomter i området, så vi må først freiste å finne ut kva sak det gjeld.
- Vi trur vi, ved hjelp av ein kollega i Fusa kommune, har klart å finne ut kven dei tre jentene er, men dei må gjerne ta kontakt med oss slik at vi får rett namna og adressa når vi skal svara, seier Monica Moberg.
- Opplever de ofte at born skriv til kommunen i samband med byggesakar?
- Nei, det er veldig sjelden. Men når dei engasjerar seg som har, så skal vi freiste å gje dei ei skikkelig handsaming og eit svar, avsluttar Moberg.