Plaske fekk selskap av comeback-Krabben
Kulturkrabben er tilbake og blir å sjå saman med Plaske på Osbadet.
Under opninga av Os Idrettspark laurdag tok Osbadet-maskoten Plaske seg ein tur utandørs.
Sjå video frå Plaske sin første dag i Osbadet, med framføring av Plaske sin song.
Med seg hadde han ein krabbe som vi, med unntak av Bjørn Hellfuck sin Os-innspelte Krabbeklo i Undikken, ikkje har sett sidan han kom for å påverka spleiselagkampanjen for Osbadet.
– Flytta inn hos Plaske
– Eg har høyrd at det er lett å finna krabbe i Os, men akkurat Kulturkrabben var litt vanskeleg å finna, fortel Osbadet-sjef Bård Alfstad.
– Men no når han har kome ut av boden så blir han å sjå litt oftare. Plaske treng litt selskap, og som i låta blir han kalla Hugo-Frank.
Hugo-Frank bur no hos Plaske i Osbadet og vil av og til bli å sjå saman med Plaske på bassengkanten.