Lokal | 08. jan. 2016

Pipebrann i Finnebrekka

Torsdag kveld rykte brannvesenet ut til melding om ein pipebrann i Finnebrekka.

Pipebrann i Finnebrekka
Brannvesenet rykte ut til pipebrannen i Finnebrekka torsdag kveld (lesarbilete)
Andris Hamrefredag 08. jan. 2016 09:01

Klokka 20.19 torsdag kveld fekk brannvesenet melding om ein mogleg pipebrann i ein einebustad i Finnebrekka i Os sentrum.

– Det var ein nabo som meldte om røyk og gnister frå pipa, fortel brannsjef Stein Gjøsund.

Mannskap frå brannvesenet kom frå staden og fekk raskt kontroll over situasjonen.

– Det var ikkje opne flammar i pipa då vi kom til steden. Det kan sjå ut som om det har vore fyr heilt øverst i pipa, heilt oppe i pipehatten, men det er feiarane ute og sjekkar no i morgontimane. Dei måtte venta til pipa var kald før dei kunne kontrollere den.

Slik stoppar du pipebrannen

Brannsjefen har følgjande råd å komma med om ein opplever pipebrann i heimen.

– Då må ein gjera som vi gjorde i Finnebrekka, stenge all trekk også på eventuelle andre eldstader, tildømes om ein har ein ovn i etasjen under, som er kobla på den same pipa slik at det kjem minst mogleg tilluft til brannen.

I tillegg må ein varsla brannvesenet slik at dei kan kontrollera om pipa har fått skader.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.