Sport | 14. juni 2019

Persa på 3 av 5 øvingar i ÅM

God debut i nasjonal allroundmeisterskap av Emil Austevoll Harlem.

Persa på 3 av 5 øvingar i ÅM
Emil Austevoll Harlem, her etter suveren siger i landsdelen, kom på 5. plass i nasjonal allroundmeisterskap. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 14. juni 2019 10:16

Bildeserie:

1 av 1

Emil Austevoll Harlem (14) frå Os Svømmeklubb deltok i pinsen i årsklassemeisterskapen for første gong. Han har vore suveren på Vestlandet dei siste åra, og hadde den tredje beste poengsummen samanlagt i Noreg før den nasjonale meisterskapsdebuten.

– Det er svært jamt, alle med dei fem beste poengsummane har sjanse til å vinna, sa Emil før avreise til Bryne.

Sjølv persa han på 3 av 5 øvingar, men svømte noko svakare enn venta på bryst, noko som òg påverka medley, og landa på 5. plass samanlagt.

– Eg er mest nøgd med 100 meter butterfly og 200 meter rygg. På 200 meter bryst kjente eg at eg ikkje fann rett frekvens, og då når du heller ikkje toppfarten. Eg svømte fire skund seinare enn i landsdelsårsmønstringa, så det var litt skuffande.

Alle resultata til Emil:
400 meter fri 8. plass 4.25,78 (fredag)
100 meter butterfly 4. plass 1.01,81 (laurdag)
200 meter bryst 6. plass 2.39,35 (søndag)
200 meter rygg 6. plass 2.16,45 (søndag)
200 meter medley 7. plass 2.18,89 (måndag)

Sjå detaljerte resultat, topp 6, i bildefila over.

– Dette var mitt første ÅM. Eg kjente på nervene, som kanskje påverka meg litt, men er nøgd med å ha svømt jamt og bra.

Mobergsvikjo next

Ein lang sesong blir avslutta med AdO Cup i helga. Der skal han «berre kosa seg».

– Så blir det fri nokre veker, bading i Mobergsvikjo og tur til Norway Cup før vi, som i fjor, startar oppkøyringa med treningsleir saman med Arna Svømmeklubb i Strandebarm i midten av august.

– Sport skal vera gøy

– Eg ønskjer å takka trenarane mine og leiinga i Os Svømmeklubb, både for oppfølginga gjennom den lange sesongen og for den fine filosofien dei har. Mange andre på min alder satsar knallhardt og trener utelukkande svømming. Os legg til rette for at vi kan driva fleire idrettar samtidig.

– Sport skal først og fremst vera gøy, meiner dei, og det er eg einig i og glad for, seier den atletiske og reflekterte 14-åringen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.