Sport | 29. jan. 2016

Persa og vann Stor-KM

– Det er min første personlege rekord på tre år, seier nybakt kretsmeister Mons Martin Borgen.

Persa og vann Stor-KM
Mons Martin Borgen, her under opningsstemnet i Os Idrettspark i september. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 29. jan. 2016 09:01

Med 1,91 meter blei det ny pers og førsteplass i seniorklassen til høgdehoppar Mons Martin Borgen frå Os Turn.

Stor-KM blei arrangert av Norna-lekene i Leikvang-hallen.

– Eg har trent i vinter, men veldig lite teknikk. Det merka eg på timinga, seier Mons Martin.

– Eg nådde høgaste punkt for tidleg og var borti stanga på kvart hopp frå 1,80 og oppover. Når eg får inn teknikken igjen så skal eg opp mot 2 meter.

Nesten i september

Under opninga av Os Idrettspark i september tangerte han eigen pers, 1,90, men kom seg ikkje over på 1,91. (sjå video).

– Eg har nesten ikkje hoppa sidan september, men eg har trent godt. Dete var første pers på tre år, men eg trur det kjem fleire bestenoteringar i 2016.

Føler seg rask - kom for seint

Borgen hadde òg plan om å delta i sprint. Dessverre kom han for seint.

– Eg trudde eg var i rute, men eg hadde fått feile tider, så då eg kom i hallen var dei godt i gang med forsøka.

– Det var litt synd, for eg har trent ein del sprint i vinter, men vi får ta det i neste runde, seier Borgen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.