Påskeprat med Aina
Fem kjappe spørsmål med Aina Tjosås.
Aina Tjosås er kommunalsjef for samfunnsutvikling i Os kommune. Ho er ofte administrasjonen si røyst og andlet når det er møte i plan- og bygningsutvalet.
– Korleis blir påsken din i år; fjellet, båtpuss, hagestell eller i sofaen?
– Det blir nok base på Os med turar på fjellet og på sjøen om værmeldinga slår til. Sofaen blir lite brukt det meste av året.
– Kor mange dagar har du stått på ski denne snøfattige vinteren?
– Ingen - endå dårlegare enn vanleg. Prøver i alle høve å få lufta skia årleg.
– Har du nokre påsketradisjonar?
– Ungdommane i huset forventar nok skattejakt og påskeegg i år også. Ingenting å sei på samarbeidsånda då nei!
– Om du skal anbefala ein tur i Os - kor går turen?
– Strandvegen med kaffipause på Oseana, forbi Oselvarnaustet, Lyngheim, Solstrand, parken på Moldegard og til slutt nistestopp i Smievågen.
– Kven fortener eit stort påskeegg?
– Os turlag som legg til rette for at vi andre kan gå til fjells på tørre stiar. Dei kan også eta sjokolade med godt samvit.
Les òg: