Lokal | 14. mars 2016

Påskekyllingar som gler både store og små

I Os barnehage produserer dei påskekyllingar i stor stil. Sjå delar av klekkinga her.

Cathrin Valestrandmåndag 14. mars 2016 15:43

Bildeserie:

Willian, Ciara, Marita Gaasand og Karina Lekven tykkjer det er spennande dagar i rugekassa. (Foto: Cathrin Valestrand)
Willian, Ciara, Marita Gaasand og Karina Lekven tykkjer det er spennande dagar i rugekassa. (Foto: Cathrin Valestrand)
Innbyggjar nr 1(svart) og 2 i rugekassa ser ut til å vera utolmodige etter å få fleire leikekameratar.
Innbyggjar nr 1(svart) og 2 i rugekassa ser ut til å vera utolmodige etter å få fleire leikekameratar.
Innbyggjar nr 3 er nett komen ut av egget - heilt utsliten.
Innbyggjar nr 3 er nett komen ut av egget - heilt utsliten.
Innbyggjar nr 4 kan endeleg strekkja på seg etter å kakka hol rundt heile, og sprengt bort halve eggeskalet.
Innbyggjar nr 4 kan endeleg strekkja på seg etter å kakka hol rundt heile, og sprengt bort halve eggeskalet.
1 av 4

Det er i Os barnehage det er action for tida - der klekker dei påskekyllingar til ungane si store glede.

– Den mørke der kom i går ettermiddag, i femtida trur eg, medan den gule framleis var våt då eg kom jobb i dag tidleg, seier Karina Lekven.

I rugekassen kan ein sjå at det er utbrytar-aktivitet i fleire av egga.

– Det er litt å passa på. No ligg i egga i heilautomatisk rugemaskin, så det er greit, men vi må halda auge med at temperatur og luftfuktigheit er som den skal vera.

Ventar stor aktivitet

Dei har totalt 15 egg av forskjellig typar i maskina, og det er venta stor aktivitet i dag og i morgon.

– Etterkvart skal kyllingane flyttast over i eit akvarium med varmelampe over, og på fredag flyttar dei i «fosterheim». Det er ikkje så greit for oss å ha dei her over påske- og vinterferien.

– Men dette er påskekyllingar i ordets rette forstand, ler Lekven.

God oversikt

Ungane tykkjer det er veldig stas med egga, rugeprosessen og kyllingane som kjem.

– Ungane tek del i heile prosessen. Og vi har lyst desse egga fleire gonger, seinast for ei veke sidan, og då var det liv i alle egga. Men dei har full kontroll på prosessen, og alle veit at det heiter klekking av egg. Ungane er veldig flinke, og skjønnar godt dette med at dei må vera forsiktige i nærleiken av egga. Då går dei med hendene på ryggen, og er svært påpasselege.

– Spennande!

Heile den tida Midtsiden er på besøk i hønsehuset er det jamleg rotering på kva ungar som får koma og følgja med på klekkinga.

– Det er veldig spennande å få sjå, meiner både William og Ciara.

– Dei er veldig små. Kortid kan vi få halda dei?

Lekven forklarar kvifor dei ikkje kan koma ut å leika heilt enno, og om matpakken dei har med seg i egget slik at dei klarar seg ei stund i rugekassen.

Innbyggjarauke

Så blir det action i kassa. Bakerst i hjørnet ligg eit egg og ruggar, og sakte men sikkert ser vi korleis skalet knuser langs heile. Og brått oppdager vi at også eit anna egg held på å klekka i turbofart. I løpet av berre nokre minuttar har kyllingtalet i kassen auka med 100 prosent.

– Åååå, sjå - den blir mørk den også! No er det to gule og to svarte, kjem det frå borna då nr fire er komen ut av egget.

Etter nokre minutt kjem det tørt:

- Eg trur kylling nummer fire må heite ADHD.

Då har den sistfødde kyllingen, knapt før han var komen på beina og i løpet av sine første leveminutt, inspisert dei to delane av rugekassen to gonger.

– Det byrjar å bli trangt der inne med denne typen aktivitet. Eg trur vi må laga klart akvariet, konkluderer Lekven.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.