Lokal | 24. mars 2016

Påskehelg med kuling og regn

... men vinterferien kan få finare vêr.

Påskehelg med kuling og regn
Laurdag og søndag er det meldt regn og liten kuling i Os. Dette bildet er tatt i Os hamn 30. desember i fjor. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 24. mars 2016 09:40

Etter ein skyfri og vindstille onsdag, dagen før skjertorsdag, er det i dag sludd og gråvêr i Os.

Det ser noko lysare ut for langfredag. Yr melder lettskya frå formiddagen og ut dagen, men Storm melder nedbør frå morgon til ettermiddag. Temperaturen skal ligga på 3-6 gradar.

Liten kuling og regn i helga

Laurdag melder både Yr og Storm opphaldsvêr på formiddagen og regn på ettermiddagen, og vindstyrken skal auka til 8-13 m/s (liten kuling) frå sør og søraust.

Til søndag er det meldt endå meir nedbør og framleis vindstyrke på over 10 m/s frå sør og søraust. Vindstyrken skal avta litt på måndag 2. påskedag, men også denne dagen blir våt frå morgon til kveld.

Lettskya slutt på vinterferien?

Nedbøren og vindstyrken skal avta utover neste veke.

Slik det ser ut no kan vi få lettskya opphaldsvêr og 9 varmegradar torsdag om ei veke.

Kjelde: Sjå detaljert vêrmelding frå Yr og Storm side om side på pent.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.