Parkering på Osøyro
Lesarinnlegg: På sikt er det berre éi løysing som er god nok.
Eg ser i Os & Fusaposten at det fortsatt er store utfordringar med parkering på Osøyro, og er kjend med at det blir arbeidd med parkeringsanlegg der idrettsplassen er i dag.
Frp og Høgre har fått fjerna mange arbeidsplassar på Statoil for å bygga parkeringshus, no sist har dei og fått fjerna den gamle brannstasjonen.
Parkering i fjell!
Skal Osøyro utvikla seg slik sentrumsplanen legg opp til må parkeringstilhøyva løysast ein gong for alle.
I dag køyrer du bortimot over terassane til folk på veg til Oseana, biltrafikk og gåande er samanblanda utan struktur.
Det er lagt opp til storstilt utbygging av bustadar på Osøyro, parkeringstilhøyva må løysast no!
SP meiner at einaste løysinga på lang sikt er garasjeanlegg i fjell, slik dei har i blant anna Mandal, Molde og Arendal.
SP foreslår innkøyring frå statoiltomta med parkeringsanlegg i fjell som kan nyttast som pendlerparkering og parkering for dei som jobbar og handlar på Osøyro.
Parkeringsanlegget vil også fungera som parkering for Oseana med gangveg fra parkering direkte til kulturhuset.
Når dette er på plass vil bebuarane som bur i nærleiken ha svært mykje betre butilhøve.
Statoiltomta og brannstasjonstomta må nyttast til busshaldeplass slik at vi får opp å gå eit effektivt kollektivnett mot Bergen direkte fra parkeringsanlegget.
Bydraget, eller Osøyro som ein seier, må knytast opp mot parkeringsanlegget med undergang og delar av Osøyro må overbyggast med glasstak.
Havnekafeen er eit fremmedelement og har stengt av torget på Osøyro. Torget på Osøyro skulle vore omkransa av restaurantar, bibliotek og handel. Ein heilhetleg plan for utbygging er alltid fornuftig.
SP vil ta styring og forma framtida saman med deg – stem SP 9. september!
Mikal Leigland
2. kandidat SP