Sport | 31. juli 2017

Pangstart i Førde

Landsskytterstemnet • Ni (!) osingar i finale, sålangt. I dag skyt Sofie Evensen finale på bane og samlaget med tre osingar samlagsskytinga.

Pangstart i Førde
Sofie Evensen skyt i dag både finale på bane og samlagsskytinga (privat arkivfoto)
Andris Hamremåndag 31. juli 2017 09:45

Skyttarane frå Os skyttarlag har dei siste åra levert god skyting på landsskytterstemna, og dei held fram.

– Vi har kanskje blitt meir enn tidlegare år. Rekruttane leverer jo som hakka møkk, fortel Jan Kristian Evensen frå skyttarcampen i Førde.

Så langt er ni skyttarar frå Os klare for finaler og fleire kan det bli etterkvart som den innleiande skytinga blir avslutta dei kommande dagane.

Leverte, som han lova

Då Midtsiden var oppe på Ulven onsdag før avreise til Førde var rekutten Daniel Myklebust Fjellstad tøff og sa han skulle vinna.

– Daniel, som aldri har skote felt før, leverte til dei grader. Han skaut 30 treff og er klar for finalen, saman med Maren Evensen og Adelheid Røttingen Møller. Maren med 29 treff og Adelheid med 30 treff.

Vanvittig jamnt

I klassa for eldre rekrutt har dei unnagjort den innleiande skytinga på bane.

– Der er Sofie Evensen klar for finalen med 250 poeng og 19 innertiarar. Likevel ligg ho ikkje høgre enn på ein delt 12. plass før finalen som går klokka 12 i dag. Det seier noko om det heftige nivået det er i klassa.

– Gutane våre hadde diverre litt stang ut på den innleiande skytinga. Det blei nok litt for mykje spenning i kroppen, trur skyttarsjefen.

Finalen kan du sjå på LS sin livestream.

Reidar i to finalar

I juniorklassa er Amalie Evensen klar for felt finalen etter 30 treff. Finaleklare er også Arvid Austefjord og Terje Os i V55 på bane. Dei to skaut henhaldsvis 245 og 243.

– For ein del av dei andre veteranane har det vore litt stang ut. Det er marginar som avgjerd. Hadde dei skote 10.0 i staden for 9.9 så hadde både Arve Austevoll og Oddvar Eikemo vore i finalen. Det er ikkje at dei har skote dårleg, men at det er så utruleg jamnt.

– Ein som har treft med formen i år er Reidar Dahle. han er i finalen både på felt og på bane med 30 treff på felten og 250 poeng på bane.

– Vi trur og at Ragnhild Eide Ure (28 treff) og Anstein Eidsvik (29 treff) i klasse 4 vil gå til feltfinalen, men det får vi ikkje endeleg stadfesta før i kveld når klasse 5 er ferdige med si skyting, fortel Evensen.

Kan få "bonusfinale"

Os skyttarlag, kan også for første gang på eindel år, koma som lag til lagsskytinga.

– Der er systemet lagt litt om i år slik at det er to skyttarar frå 100 meter og to skyttarar på 200 meter som tel med. Vi har allereie to på 250 poeng på 100-meteren med Sofie og Reidar, så no må berre seniorane levere på banen i morgon. Det vil i så fall vera ei bonus å koma på til lagsskytinga på torsdag.

Spennande ettermiddag

I dag er det stort sett feltskyting på osingane, men Sofie Evensen skal i tillegg til å skyta banefinalen klokka 12 også ut i samlagsskytinga saman med dei to andre osingane Amalie Evensen og Markus Johannessen. På laget skyt også Kristoffer Tvedt Skråmestø frå Bergen skyttarlag.

Samlagsskytinga er klokka 16 og kan sjåast på LS sin livestream.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.