Lokal | 13. jan. 2016
Påkøyrd bakfrå
Eit mindre trafikkuhell i Kolskogheiane då ein bil køyrde i ein annan bakfrå. – Ingen personskade, melder politiet.
Andris Hamreonsdag 13. jan. 2016 12:36
Klokka 12.13 onsdag meldte politiet sin operasjonssentral om eit trafikkuhell i Kolskogheiane.
– Os - Kolskogheiane: trafikkuhell, påkjørsel bakfra. Politiet er på staden, airbag er utløst, men det er ikkje meldt om personskade, heiter det i meldinga.
Ein BMW hadde køyrd i hekken på ein Mercedes vis av vis Norør butikken i Kolskogheiane.
Då Midtsiden kom til staden var politiet i ferd med å forlata staden. Partane ordna opp seg imellom ved å skriva skademelding.