På veg til by'n?
Frå Hatvik til Gymnaset: Politiet høyrde hovar utanfor sheriff-kontoret i dag, og såg tre lause hestar på veg over Osbrua.
Litt før klokka 15 måndag ettermiddag høyrde politiet hovar utanfor lensmannskontoret i Irisgården.
– Eg såg ut vindauget og såg tre lause hestar i full fart på veg over Osbura, fortel politibetjent Kjetil Hansen.
Saman med ein kollega tok han opp jakta, og fekk først melding om at hestane var observert ved Jordmorsvingen, så at dei var ved Rema 1000 i Idrettsvegen.
– Då vi kom til Rema såg vi akkurat i rumpa på hestane i det dei svingte inn på eit jorde.
Saman med eigar av eigedomen der dei tre hestane stoppa for å beita, gjorde politiet nokre forsøk på å fanga hestane.
– Dei kjem frå Moldegaard og har gått på beite på Klyva ved Hatvikvegen før dei stakk av, fortel ei av jentene som kom til for å hjelpa.
Ein av hestane blei fanga raskt, dei to andre sprang framleis i ring rundt hestepassarane då Midtsiden reiste frå staden.