På veg mot NM
Lysekloster hadde full kontroll borte mot Valestrand-Hjellvik og er, for første gong, klar for andre kvalifiseringrunde til NM.
Medan Os i dag spelte 3-3 heime, og tapte 4-6 etter ekstraomgangar mot Austevoll, tok Lysekloster ein grei siger i første kvalifiseringsrunde.
– Vi hadde kontroll frå start til slutt, men første mål kom ikkje før slutten av første omgang, seier Ørjan Sandal.
Valestrand-Hjellvik - Lysekloster 0-3 (0-1)
Målskårarar, Lysekloster: Kim Kleivedalen, Eirik Musland og Martin Eidsvik.
– Det blei periodar med bra spel, men verken innsats eller konsentrasjon var heilt der den skal vera. Kampen bar nok preg av litt nervøsitet i starten og etter kvart av at spelarane tenkte "dette skal vi greia".
Lysekloster: Ole Kristian Olsen - Baste Jonassen, Ørjan Skilbreid, Steffen Finsådal, Sigve Rørstad - Johannes Jordal, Martin Eidsvik, Kristiffer Robin Larsen - Eirik Musland, Kim Kleivedalen og Lars Henrik Skage.
Innbytarar med speletid: Kim Krogsethagen, Mathias Høyland og Frode Buvik.
Neste runde går 1. april, måndag andre påskedag.
Motstandar og bane er førebels uvisst, men i Hordaland har det vore 10 kvalifiseringskampar, 6 av dei har enda med bortesiger, så nokre av laga får truleg to bortekampar etter kvarandre.
Her er nokre andre resultat frå kvalifiseringrunden:
Øystese - Odda 3-2
Trio - Stord 1-5
Bjarg - Lyngbø 3-2
Bergen Nord - Vadmyra
Voss - Frøya 4-1
Tertnes - Varegg 2-3
Sotra - Radøy Manger 2-0
Vik - Hovding 1-4
Os - Austevoll 4-6
Valestrand Hjellvik - Lysekloster 0-3
Åkra - Djerv 1919 5-3
Staal Jørpeland Hana 8-0
Skjold - Avaldsnes 1-4
Stavanger - Randaberg 3-1
Kopervik - Vedavåg Karmøy 2-0
Sjå alle resultat på fotball.no.