På TV-date igjen
Sandra Hauge frå Os blir vist på TV Norge torsdag.
Året etter at ho deltok i «Adam søker Eva» stilte Sandra Hauge opp for TV Norge igjen. Torsdag 4. januar var det premiere på programmet «Første date» på TV Norge. Programmet er spelt inn i «ein litt uvanleg restaurant», der ingen av gjestane har sett kvarandre før, alle er single og alle er på date.
Torsdag 1. februar blir episode 5 sendt. Der er Sandra Hauge (25) frå Os blant deltakarane.
– I seks månadar etter «Adam søker Eva» blei eg oppringt av aviser, vekeblad og TV. Nokre ville ha intervju, andre ville ha meg med på ulike ting.
– Sjølv hadde eg «rømt» til Spania, men noko av det eg fekk tilbod om å vera med på høyrdes litt kjekt ut, seier Sandra.
Tilbake frå Spania og rett på TV-innspeling
Sandra budde og jobba på Gran Canaria i ni månadar, først innan timeshare, så for eit advokatfirma som i hovudsak hjelpte angrande timeshare-kundar.
Etter at ho kom heim til Noreg og Os igjen stilte ho opp på blind-date mens kamera rulla.
– TV Norge ringte og inviterte, og eg takka ja på strak arm. Eg er litt spontan, og tenkte at eg ikkje har noko å tapa på ei spennande oppleving ei helg i Oslo. Men no gruer eg meg litt til programmet blir sendt, seier Sandra og ler.
– Det var ein hyggeleg mann eg møtte, meir har eg nok ikkje lov å seia.
Reiselysten tobarnsmor
Det var i 2015 TV Norge sendte sjekkeprogrammet, som var spelt inn med nakne deltakarar på ei øde øy i Filippinene.
Etter at programmet var ferdig spelt inn flytta Sandra til Spania saman med sonen og dottera, som no er 5 og 6 år gamle. No er dei heime i Os igjen.
– Vi bur i eit hus i Åsen som eg kjøpte saman med den eine søstera mi då eg var 20 år.
Sandra er nest yngst i søskenflokken, og har tre søstrer og éin bror. No trivst ho heime i Os, med 80 prosent stilling på Rema 1000 og to deltidsjobbar innen helsevesenet og trening.
– Eg trivst med å bu heime igjen, men eg kjenner at eg både saknar Spania og at eg har lyst å reisa meir, spesielt no om vinteren når det er vått og kaldt. Men eg har førebels ingen flytteplanar, seier Sandra Hauge.