På topp i Noreg
Os ligg heilt i Noregstoppen når det kjem til svømmedyktigheit blant 5. klassingar.
I samband med at formannskapet skulle handsama årsrekneskapen for Osbadet KF kor dei la fram eit overskot på omlag 85 000 kroner på drifta var styreleiar Tor Inge Døsen og dagleg leiar Bård Alfstad invitert til å orientere litt om ståa og planane framover.
– Vi ønskjer at dette skal vera familien sin møtestad på tvers av generasjoner, fortalde Alfstad og nemnde fleire typer kurs, betre samspel mellom uteaktivitetane og det som skjer inne.
– Blant tinga vi ser på om er mogleg er å få til er ei eiga vaksenavdeling, i tillegg til fleire nye kurs, mellomanna for invandrarar kor vi veit at svømmedyktigheiten er så som så.
Tøff test for 4. klassingane
Nettopp svømmedyktigheiten var noko som opptok politikarane.
– Har vi nokre målingar på andel svømmedyktige born i Os. Det må jo ha gått opp med den gode dekninga vi no har for skuleelevane våre, meinte Eirik Andre Hesthammer (Frp).
– Vi ligg nok på pallen i Noreg. Dette blir testa på 5. trinnet. Eg har ikkje dei nøyaktige tala, men vi ligg på rundt 80%, medan landssnittet er på 50, svara Tor Inge Døsen noko som imponerte Jon Sivert Rykkel (V), som både jobbar i Osbadet og som lærar på Os barneskule.
– Det blir målt etter 4. klasse og det er ganske tøffe krav som blir stil. Eg har tatt testen sjølv og den er ikkje lett. Den satsinga Os kommune har gjort med Osbadet har betalt seg veldig. Elevane våre får eit veldig godt tilbod innan svømming. Dei får mykje meir, enn det eg sjølv hadde då vi plaska i det vesle bassenget på ungdomsskulen, sa Rykkel, før han kjapt la til at han klarte testen som 4. klassingane skal igjennom.