På sikker plass
Lysekloster rykka opp på sikker plass, etter 2-0-siger over Vard-Haugesund borte. – Der skal vi bli. Det kan du banne på, seier Svein Kollen.
Lysekloster hadde ein vanskeleg bortekamp mot Vard-Haugesund laurdag ettermiddag. Laget frå Lysefjorden har tatt lærdom av det forsmedelege 0-9-tapet på heimebane mot Nest-Sotra.
– Vi er ikkje så naive no som vi var i starten av sesongen og funne koden på korleis vi skal gjera det. Samstundes gjekk alle, både spelarar, trenarar og støtteapperat i seg sjølv etter Nest-kampen, oppsummerer Svein Kollen.
Låg lav og kontra
Mot Vard-Haugesund låg Lysekloster, som dei har gjort dei siste kampane, låg og satsa på kontringar.
– Vi ligg lågt og er pottetett bakover, samstundes som vi er gode på kontringar.
1-0 kjem etter corner, kor ballen fell ned i feltet. Baste Jonassen avsluttar, keeper gir retur som Hans-Christian Nysæter set i mål.
– 2-0 kjem etter eit hurtig tatt frispark frå Ståle Steen Sæthre. Han slår til Tommy Gaustad, som set ballen i mål.
– No er vi på hugget, så no kan motstandaren komma med kva som helst. Vi har klatra til sikker plass, og der skal vi ligga. Det kan du banna på, avslutter Kollen
Vard-Haugesund - Lysekloster 2-0 (0-0)
Laget som starta for Lysekloster: Chris Sunde Midtun, Ole Kristian Olsen, Gojko Ivkovic, Ola Sjømæling, Baste Jonassen, Denis Ljubovic, Hans-Christian Nysæther, Martin Røttingen Eidsvik, Sindre Hitland Flaa, Ståle Steen Sæthre, Tommy Gaustad, Joakim Hjelmeland