Lokal | 21. nov. 2013

På rekrutteringsjakt

Bjørnefjorden Utdanningsmesse: Elevar søkjer informasjon - skular og bedrifter søkjer elevar.

På rekrutteringsjakt
Bjørnefjorden Utdanningsmesse 2013 (Foto: Kari Marie Austevoll Lyssand)
Kari M. Lyssandtorsdag 21. nov. 2013 08:40

Bildeserie:

Bjørnefjorden Utdanningsmesse 2013 (Foto: KMAL)

Rolf Arne Rasmussen frå ARKA

1 av 13

I Nore Neset Aktivitetshus er det onsdag vore full aktivitet då Bjørnefjorden Utdanningsmesse hadde sin fyrste opningsdag med 55 utstillarar og elevar i frå fem kommunar.

Les òg: - Dette er berre starten

Ikkje berre eit val

For elevar ved yrkesfagleg studieretning er det ofte ikkje berre eit studieval som skal takast, men og eit for Vg2 og kanskje og eit nytt for Vg3.

- For Os vgs har vi fleire gode grunnar for å vera på messa, fortel assisterande rektor Audhild Tveiterås.

- For elevane som skal velga studieretning vidare og for å få eit innblikk i kva slags type bedrift ein kunne tenka seg å ha læreplass.

Os vgs har òg eigen utstilling dei kan visa fram til ungdomskuleelevane for å visa dei kva dei har å tilby.

- For det tredje så ønska vi å få eit enda betre samarbeid med næringslivet og då er messa ein god møtearena for det, fortel Tveiterås.

- Bra med messe i Os

Elevane Glenn, Lasse og Markus i 9. klasse på Søfteland skule tykkjer det er greit at det har komen ei messe i Os.

- Det er fint med ei messe der ein får veta litt meir om kva utdanning ein kan ta for å bli det ein vil.

To av gutane kjem med brosjyre frå Statoil, og trur dei vil satsa på nordsjøarbeid, medan sistemann ikkje heilt har funne sin veg enno.

- Det har vore nokre interessante utstillarar, men eg har ikkje bestemt meg enda.

Sigve frå 10. klasse på Søfteland har tatt turen innom Goodtech sin stand. eit firma med avdeling i Os som ønsker å rekruttera elevar til automatikar- og elektrofaget.

- Vi har greit med rekruttering til vårt firma, og det er veldig lett å få arbeid innan faget, fortel Kenneth Herskedal.

- Det er fyrste gong vi er på utdanningsmesse, vi er ute etter lærlinger vi kan lære opp sjøl.

Viktig å få dei gode elevane

På standen til Gnist jaktar dei på dei gode elevane til barnehage- og skulelærarar.

- Vi ønsker å rekruttere dei beste elevane til å ta utdanninga for aldri har det vore eit så stort behov for gode lærarar, og i 2030 kjem det til å mangla 2.000 lærarar i Hordaland, fortel masterstudent på lærarlinja ved HiB Anders Kvernmo Langset.

Gnist er eit femårig samarbeid mellom Kunnskapsdepartementet, Utdanningsforbundet, Nasjonalt råd for lærerutdanning, Skolenes landsforbund, KS, NHO, LO, Pedagogstudentene, Norsk Studentorganisasjon, Elevorganisasjonen, Norsk Lektorlag og Skolelederforbundet.

- Gnist er eit unikt prosjekt der både arbeidsgjevarar og takarar står saman om rekrutteringa.

Fleire norske

På standen til ARKA og Rolf Arne Rasmussen har det vore bra interesse for bedriften.

- Mange lurer på om det er vits å ta fagutdanning for dei trur vi berre tilset utanlandsk arbeidskraft, fortel Rasmussen.

Rasmussen seier det ikkje har vore nok norske som søkjer på jobbane.

- Tidlegare har det vore nesten umogleg å få tak i norsk arbeidskraft, men det har betra seg den siste tida og dei siste 5 ansatte har vore norske.

- Målet med å vera her på stand er å få potensielle lærlingar til ARKA.

Kom sjøvegen

På kaien i Os sentrum ligg to båtar som òg er ein del av messa. Fiskebåten "Stø kurs" og skøyta "Huftarøy" er med Austevoll vgs for å visa fram kva dei kan tilby av utdanning.

- Båtane blir brukt i undervisinga på Austevoll og her lærer ein om navigasjon, å setja kurs, tryggleik og alt som følger med det å jobba på eit skip, seier lærar og skipper Alv Terje Økland.

- Vi er ute på sjøen fleire gongar i veka og i vinter var vi og fiska torsk i Lofoten.

Til messa frakta båten dei 14 ungdomskuleelevane som skulle på messa i tillegg til dei som skal stå på stand for skulen.

Frå Nore Neset blir elevane frakta med shuttlebuss til Os for å høyra om utdanninga.

-Vi har tre elevar på skulen frå Os no, og det har vore nokre innom båten i dag som vil gå denne vegen i utdanninga, fortel Økland.

"Stø kurs" vil vera på Os kai torsdag òg som er Bjørnefjorden Utdanningsmesse sin siste dag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.