På plass i ny drosjebu
Os Taxi flytta i helga inn i den store, nye drosjebua. – No blir det rift om å vera nattevakt, spår sjåførane.
I midten av april måtte Os Taxi flytta inn i kontainerar ved Os terminal – drosjebua skulle bli dobbelt så stor.
– Det måtte vel bli verre før dei blei betre. Vi blei i alle fall betre kjent med kvarandre, ler styremedlem Roger Gravelsæter.
I dag kunne han og dei andre sjåførane invitera til kake i den nye drosjebua.
Soverom, dusj og nytt kontor
Drosjebua er no dobla i areal. Nytt i bua er dusj og eige soverom for nattevakta og ei auke frå to til eitt kontor.
– I tillegg har alt blitt større, opphaldsrommet, tv-en, kjøkkenet og dei to toaletta, seier styreleiar Tor Anders Hauge.
– Og så har vi eitt sjåførkontor og eitt for administrasjonen, der styret kan trekka seg tilbake og ha møte, om naudsynt.
Kø under tak
Hauge seier den største forskjellen, i alle fall for dei reisande, er på utsida.
– Her har vi fått godt med venteplass under tak. Får vi det som vi vil får vi også ein glasvegg som skjerm for regn og vind.
Ordførar Terje Søviknes var innom på det som er første feriedagen hans, med blomar til Os Taxi.
– Vi vil takka Os kommune og Vestafjell for jobben dei har gjort og for måten dei har lytta til oss på, seier styremedlem Ole Henning Kristoffersen.