Lokal | 31. jan. 2018

På øving i Os i dag

Høyrer du skyting utanfor Halhjem? Slapp av, det er «berre» denne gjengen.

På øving i Os i dag
Kystjegerkommandoen er på øving utanfor Halhjem i dag, og skal blant anna skyta frå Stridsbåt 90. (Arkivbilde, foto: Forsvaret)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 31. jan. 2018 10:33

Onsdag morgon varsla Vest politidistrikt om komande skyting i Bjørnafjorden utanfor Halhjem.

«I dag mellom 13.00-15.00. Avd i Forsvaret gjennomfører skyteøvelse. Til info.»

Presse- og informasjonsoofiser, kapteinløytnant Thomas Gjesdal, fortel at det er Kystjegerkommandoen som er på øving.

– Dei gjennomfører denne veka trening og øving i Bjørnafjorden og ved Marsteinen. Treninga inkluderer skyteøvingar frå blant anna Stridsbåt 90.

• Les òg: Ubåt i trening utanfor Os hamn

Forsvarer kysten frå land og sjø

Kystjegerane er ei sjømobil kampeining som gjennomfører oppklaring, patruljering, og målbekjemping på land og hav i kystsonen. Kystjegerane er sjømobile med stridsbåt 90 eller med gummibåtar.

Mannskapen om bord i Stridsbåt 90 er trent for hurtigbåtnavigering og operasjonar i kystnært farvatn.

• Les meir om Kystjegerkommandoen på forsvaret.no

Kan bråstoppa på 1,5 meter!

Her er nokre fakta om Stridsbåt 90N:

Fart: + 40 knop
Besetning: 4+
Mål: Lengde 16,1m - breidde 3,8m
Deplasement: 18,5 tonn

Våpen: 12,7 mm mitraljøse
Kamuflasje: Stridsbåtane er grøne og brunmalt for å kunna skjula seg i skjergarden
Skrog: Eit forsterka skrog gjer at stridsbåten kan kjøra banen opp på land for å setja i land operatørar gjennom ei luke
Crashstop: Stridsbåtane kan bråstoppa på éin og ei halv båtlengde
Framdrift: Stridsbåt 90 nyttar seg av vassjet, som gjer at kjølen er det lågaste punktet på fartøyet

– Blir åtte knop raskere og treffer med første skudd, skreiv Teknisk Ukeblad (tu.no) om komande oppgradering av Stridsbåt 90 i 2014.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.