Kultur | 02. juli 2013

På oppdrag for Disney

Kva har Eirik Søfteland, Val Kilmer og John Cleese til felles? Dei leiger vekk stemmene sine til Disney og Pixar sin oppfølgjar av Biler 1 og 2.

På oppdrag for Disney
Pixar og Disney kjem til hausten med animasjonen Fly (Planes). Eirik Søfteland (innfelt) syng tittelsporet på den norske versjonen. (Foto: Disney/Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 02. juli 2013 07:14

Den Oscar-nominerte animasjonsfilmen Biler (Cars) og oppfølgjaren Biler 2, med den berømte racerbilen Lynet McQueen, blir no følgt opp av Fly (Planes) - også den av Pixar i samarbeid med Walt Disney.

Filmen, som har premiere 18. oktober i år, kjem med ei velkjent stemme frå Os.

– Disney kontakta meg for tre veker sidan. Måndag i førre veke var eg på innspeling, fortel Eirik Søfteland.

Eirik syng sjølve tittelsporet, låta som blir spelt i starten og slutten av filmen.

Filmen handlar om Dusty, eit propellfly som drøymer om å konkurrera som eit jagarfly.

– Rocka og catchy

Idol-finalisten er leigd inn for å synga "Nothing can stop me now", produsert av Grammy-vinnande Ed Cherney, som blant anna har produsert for Rolling Stones, Bob Dylan og Iggy Pop.

– Eg fekk oversendt den norske teksten og originallåta, så eg kunne øva.

Sjå trailer og høyr delar av den engelske originalversjonen av låta på YouTube.

– Det gjekk ganske radig å spela inn låta, eg trur ikkje eg var i studio i meir enn to timar.

Eirik kategoriserer låta som "disney-metal".

– Låta minner meg litt om Foo Fighters, men hardare og ganske catchy, synest Eirik.

Ville ikkje synga på austlandsk

– Det var først litt diskusjon om eg skulle synga låta på austlandsk, men der skar eg igjennom.

– "Eg må få synga den på mi eiga dialekt" sa Eirik, og fekk viljen si.

Originalversjonen får blant anna stemmene til Val Kilmer og Anthony Edwards frå flyfilmen Top Gun frå 80-talet, i tillegg til John Cleese, Teri Hatcher og Julia Louis-Dreyfus.

Klar for Søfteland til helga

Filmen Fly har etter planen premiere 18. oktober i år. Før den tid er Eirik godt i gang med årets Skal vi danse-sesongpå TV2.

Men først: Søfteland Rock N LOL.

Fredag skal Eirik og resten av KingCalling opna Søfteland Rock N LOL, festivalen som har fylt Søfteland med feststemning sidan 2007, og som i år blir arrangert for siste gong.

Laurdag er Eirik involvert på dagtid, på gratis familiedag på festivalområdet. Då med eige band.

Eirik er først ut klokka 12, så kjem Real Ones på scenen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.