På innsio: Lyssand Gartneri
VIDEO: Bli med på lynomvising i Lyssand Gartneri på Skeie – og sjå noko som aldri har blitt dyrka i Noreg før.
Det er midt mellom sesongar og Lyssand-direktør Thomas Lyssand har tatt Midtsiden med for å visa korleis produksjonen fungerer, og for å visa eit spennande pilotprosjekt.
Thomas er 3. generasjon gartnar og eig 50 prosent av aksjene i Lyssand Holding AS, selskapet som blant anna er 100 prosent eigar av Lyssand Gartneri AS og 50 prosent eigar av Lyssand Blomstersalg AS i Kolskogen.
Lyssand Gartneri AS er blant dei 30 største selskapa i Os og på 17. plass i vekst.
Etter å ha lagt rundt 30 millionar i omsetnad i seks år auka dei i 2014 med over 10 millionar kroner til 43.1 millionar kroner i omsetnad.
Snart startar julerushet ved gartneriet.
På innsio: Ny, fast serie med videoreportasjar der vi tar deg med inn i ulike bygg og bedrifter i Os. Kvar helg framover kan du starta søndagen på innsida av ei ny verksemd. Besøket hos Lyssand Gartneri er første episode.