Lokal | 27. mai 2009

På grunn i Lysefjorden

Tilsette hos TrygVesta følte seg nok ikkje heilt trygge om bord i MS Midthordland tysdag kveld.

På grunn i Lysefjorden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 27. mai 2009 00:12

47 passasjerar måtte samla seg på dekk då MS Midthordland gjekk på ei umerka grunne i Bakarvågen i Lysefjorden tysdag klokka 19.45.

- Nødvendige prosedyrar blei gjennomførte, og passasjerene fekk på seg redningsvestar, seier medeigar Espen Aspenes til bt.no.

Ingen blei skadd i grunnstøtinga.

Midthordland kom seg til kai på Buena og passasjerane, som var på firmatur, blei frakta vidare med buss.

Båten har truleg berre skrapa bortpå flua, og skal ikkje ha synleg lekkasje. Men Aspenes seier at dei skal ha dykkarar ned for å undersøkja nærmare.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.