På «cruise» i Kløvertun
Vårens moteshow i Os sentrum blei gjennomført med ein ny vri - sjå bildeserie!
Tysdag kveld var det duka for moteshow i Kløvertun igjen, også i går for full sal.
– Det er kjekt med slik oppslutnad, men det er ikkje ventelister og massevis av skuffa folk som ikkje kjem inn. Dei første billettane gjekk fort, den siste selte vi på dagtid tysdag, fortel initiativtakar Tove Tvedt Skarstein.
Framfor 200 gjestar fekk Os Sentrumsforening vist kva dei har å by på av klede, sko, vesker, frisyrer, sminke og - reiser.
Med heimelaga cruise-manus
Travelnet Os Reisebyrå var med for første gong, og kuppa på mange måtar heile showet.
Tove hadde nemleg skrive manus og lagt ei cruise-ramme på kvelden. Modellane viste kva klede dei gjekk med mens dei var på tur med Os Reisebyrå.
– Dette var veldig kjekt for oss, ikkje minst fordi vi får tatt livet av myten om at du må gå så formelt kledd når du er på cruise. Det var fine klede som blei vist fram i kveld, men det var ikkje berre dress og slips, seier salssjef i Noreg for Royal Caribbean ltd, Simen Opsahl.
– Vestlendingane er dei som reiser mest på cruise. Kanskje fordi dei er så sjøvante? undrast han.
Humor og poesi
Med ein av rollekarakterane til den lokale revydronninga Linda Nytræ som konferansier blei det ekstra morosamt.
– Bente Bratlund si lesing av dikt passa også svært godt til kveldens tema. Dette er nok det beste showet vi har hatt her i Kløvertun, synest arrangøren sjølv.
Seks kvinner og tre menn stilte opp som modellar.
Etter showet gjekk turen inn på Øyro til kveldsopne butikkar.