På besøk i 4000 timar
Eldre i Os fekk i fjor besøk i 3980 timar av Os Røde Kors sine 39 aktive besøksvenner. No ser vennene etter fleire venner.
Os Røde Kors si gruppe av besøksvenner består av 58 medlemmar, der 39 er aktive.
– Dei som er aktive er på besøk hos nokon med jamne mellomrom. Nokre går annakvar veke, men dei fleste går oftare, éin eller fleire gongar i veka, fortel Bodil Svendal.
Svendal har vore med på opplegget sidan starten for over 30 år sidan. Venninna Ragnhild Bang har vore aktiv besøksvenn i 16 år.
– Veldig gjevande
Besøksvenn er ein som står til teneste for eldre og sjuke. Dei har besøk, trallesal og bingo på institusjonane, men også besøk heime, hos dei som klarer seg sjølv, eller éin-til-éin besøk på institusjon.
– Det er gjerne heimesjukepleiarar eller familie som tipsar oss eller kjem med ønskje. Og så kjem vi på besøk, seier Ragnhild.
– Og gleda av å vera venn er gjensidig! Det er veldig gjevande å vera på besøk og vi har mange fine samtalar i løpet av året.
Ser etter fleire venner
Medlemmane i tenesta tar seg ikkje berre av andre, men også kvarandre. Ein gong i månaden har dei medlemsmøte, der dei for eksempel pratar om tenesta, utvekslar erfaring eller har kurs i førstehjelp.
– Vi har mange flinke og aktive medlemmar, dei fleste frå 40 til 70 år, men vi har også besøksvenner som er over 80 år og likevel i teneste for andre eldre, fortel Bodil.
– Og no ser vi etter fleire. Nokon som har tid, anten det er på dagtid, helg, ettermiddag eller kveld, å besøka nokon som ikkje får besøk så ofte. Det handlar berre om å vera der ein time eller to ein gong i veka, slå av ein prat eller gjera noko saman som gjer dagen lysare for begge to.
Os Røde Kors held eit lite kurs i det å vera besøksvenn. Kurset går laurdag og søndag om ei veke, på dagtid med felles lunsj for alle deltakarar.
– Interesserte kan ta kontakt med oss i Røde Kors, seier Svendal.