På 4. plass etter 300 km over Finnmarksvidda
Øyvind K. Bøthun tok med seg kona Ida Marie og konkurrerte mot Gunn-Rita Dahle Flesjå.
Øyvind Klemetsen Bøthun frå Os har deltatt i Offroad Finnmark før. Debuten var på lag med broren Sigurd Beldo i 2016, i tillegg har han sykla individuelt (150 km) to gongar.
– Kona mi Ida Marie har fått meir og meir sans for sykling, og i jula bestemte vi oss for å delta i mixklassen på 300 km, fortel Øyvind.
Dei har trent målretta, og hadde håp om både å klara distansen på under 20 timar, og å få ei god plassering.
– Det tikka etterkvart inn påmelding frå fleire gode kandidatar, ikkje minst Gunn-Rita Dahle Flesjå og mannen.
Var best då dei trudde det gjekk dårleg
300 km starta i Alta klokka 18 torsdag ettermiddag.
– Eg visste at vi skulle kryssa 10-15 elvestryk, at det å bli våt og kald på beina kunne bli den største utfordringa. Men vi hadde ullsokkar, og vi visste at det blei varmare når dagen kom.
Vidd var tørr og det kom ny løyperekord i herreklassen. Men det var ikkje sommartemperatur heile døgnet. På det kaldaste i natt var temperaturen nede i 0,5 gradar. Deltakarane skulle innom fem sjekkpunkt, på eitt av dei var det éin time obligatorisk kvile.
– Sjekkpunkta var på ulike fjellhytter. Då det var tid for kvile og mat, klesskift og suppe med laks gjorde at vi fekk varmen i oss.
Men etter å ha sykla sørover i medvind var det etter kvilen 8 mil med motvind.
– Det kjentes ut som om vi sto i ro, og vi var sikre på at vi snart kom til å bli innhenta av dei andre. På så lange ritt er det fleire opp- og nedturar. Denne nedturen var kanskje den lengste.
– I ettertid viste det seg at dette var kanskje det partiet vi gjorde det best på i forhold til dei andre. Det var tydelegvis ikkje vi som opplevde motvinden som tung.
Betre tid enn venta
Team Merida Mix med Gunn-Rita Dahle Flesjå/Kenneth Flesjå/Geir Lien vann, og det var nok til å vippa Øyvind og Ida av pallen.
– Men vi er nøgde både med å ha gjennomført (det er i skrivande stund framleis fleire par ute i løypa) og med å klara målet om å sykla distansen på under 20 timar.
Gunn-Rita har vunne både OL, VM og fleire verdscuprundar i terrengsykling, blant anna i Andorra i juli i fjor. I fjor haust la ho opp, og kunne no debutera i det lange rittet på Finnmarksvidda.
Øyvind og Ida utgjorde Team DNB Mix, og var i mål etter 18 timar og 42 minutt.
Takk, sa debutanten Ida Marie til Øyvind. Så trilla tårene. Prosjektet dei har hatt sidan jul hadde vore vellykka.
Ekteparet sine born (4 og 6 år) var blant familie og venar som i dag sto og tok imot ved målgang i Alta.
Under ser du Ida Marie og Øyvind sin målgang klokka 12.42 i dag:
Ida og Øyvind Bøthun - Offroad Finnmark from Midtsiden on Vimeo.