Sport | 10. juni 2013

På 3. plass opp Gullfjellet

Tre løparar frå Os gjorde det i helga bra i Gullfjellet Opp. Trond Inge Nilsen var den raskaste frå Opptur Motbakkeklubb og kom på 3. plass i egen klasse og 26. plass totalt.

På 3. plass opp Gullfjellet
Trond Inge Nilsen, her frå premieutdelinga til Mobergsdilten i mai, kom på 3. plass i sin klasse i Gullfjellet Opp. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 10. juni 2013 22:24

I helga gjekk årets Gullfjellet Opp av stabelen, der tre deltakarar frå Opptur Motbakkeklubb i Os gjorde det bra.

Av 150 deltakarar var alle på øvre halvdel av resultatlista uansett klasse, to av dei brukte under ein time på den 8 kilometer lange løypa til toppen, 987 meter over havskorpa.

Thorbjørn Ludvigsen frå BFG Bergen vann på tida 44:38, Trond Inge Nilsen kom i mål på den sterke tida 56:12.

Dette er meir enn 6 minutt raskare enn i fjor.

Kjetil Styrvoll kom på 45. plass då han sprang i mål på 59:54, som er nesten to minutt raskare enn førre gong, som var i 2011.

Kjetil Pedersen brukte litt over ein time og kom i mål på 1:03:49, godt nok til 68. plass av 150 deltakarar.

To løparar som er å sjå i motbakkeløp i Os innimellom, brørne Håvard og Vegard Austevoll, kom på 15. og 16. plass med tidene 53:01 og 53:14.

Les òg: Ny rekord for Mobergsdilten

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.