Øystein Oen ny leiar i Bjørnafjorden Ap
Bjørnafjorden Ap hadde årsmøte i går. Her er det nye styret.
I november hadde Bjørnafjorden Ap nominasjonsmøte, der Trine Lindborg hamna på toppen av lista.
Lindborg var òg leiar for lokalpartiet, men på årsmøtet i går fekk ho arvtakarar i styret.
– Det gler meg at vi har fått på plass eit så kompetent og flott styre. Her er det fin spreiing i både alder og yrkesbakgrunn, og eg er overbevist om at Øystein Oen som leiar er eit veldig bra val, seier Lindborg.
Under stiftingmøtet i fjor (samanslåing, Os og Fusa) blei heile styret valt for berre eitt år.
– Det blei gjort for å sjå kor stor arbeidsbelasting det blei på dei som hadde fleire verv - og for å få involvert fleire av medlemmane. Bjørnafjorden Ap har hatt ein veldig god medlemsvekst det siste året, og vi har svært mange dyktige folk som no gjerne vil bidra for partiet.
Det nye styret: Øystein Oen (leiar), Nan Drange (nestleiar), Vegar Klyve, Espen Ivar Tveten, Anne Frotveit, Geir Ove Lunde, Viktor Arntzen, Amalie L. Bøyum, Anne Grete Gjerdevik og Viggo Furubotn.
Årsmøtet var supplert med musikalsk innslag ved Eirik Søfteland.