Øydela bom og råkøyrde
Politiet: Bommen i Kuventrævegen øydelagt og vegen nytta til råkøyring. Vil sjå på trafikktilhøva ved Os barneskule.
Rundt midtnatt fekk politiet melding om bilar som råkøyrde mellom Industrivegen og Kuventræ.
– Køyringa foregjekk ved barnehagane i Industrivegen og opp mot Kuventræ.
– Dei har skrudd delar av bommen som sperrar Kuventrævegen langs fotballbanene og køyrde fram og tilbake på gangvegen, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.
Vil sjå på skiltinga
Også tysdag og onsdag morgon gjennomførte politiet kontrollar ved skulane i Os.
– Vi var mellomanna ved Hegglandsdalen skule.
– Der gjekk det i det store og heile greitt. Folk holdt fin fart forbi skulen og det var heller ingen problem med avlevering av ungar til skulene.
– Litt større utfordringar er det i sentrum ved Os barneskule og ved ungdomsskulen.
– Det er framleis eindel foreldre som køyrer ungane sine heilt opp til oppkøyrselen til barneskulen.
– I tillegg ser det ut til at lærarar nyttar parkeringa på den gamle røde kors-tomta. Problemet med det er at vegen inn der er skilta med innkøyring forbudt.
– Det gjer det heile litt ulogisk og problematisk. Vi vil sjå på skiltinga og vurdera eventuelt eit underskilt som tillet køyring til parkeringa, fortel Sperrevik.
Vogntog i Hegglandsdalen
Igjen har politiet fått melding om vogntog på ville veger i Hegglandsdalen.
– Det var eit køyrety for stort og langt til å ha lov til å køyre på Hegglandsdalsvegen.
– Diverre var patrulja oppteken med eit anna oppdrag, så vi fekk ikkje rykka ut, men vi set pris på å få melding om dette, avsluttar Sperrevik.