Øvredal-suksess i Hollywood
«Scary Stories» spelte inn 21 millionar dollar i opningshelga.
Regissør André Øvredal (46) frå Os har fått realisert draumen, å regissera ein Hollywood-film, og det med Guillermo del Toro som produsent.
Filmen «Scary Stories to Tell in the Dark» har hatt premiere og går no på kino, også i Noreg. Sjå trailer nedst i artikkelen.
Før og under opningshelga skal Øvredal ha vore svært spent.
– Premierefestar er ikkje noko for meg i det heile tatt. Eg var kjempestressa heile kvelden for eg var så nervøs for korleis filmen skulle bli tatt imot, fortel André i eit stort intervju med VG.
VG møtte han på eit luksushotell i Beverly Hills dagen etter premieren. Mottakinga av filmen er strålande.
«Maksimalt ubehag»
Filmen blei vist på 2.700 kinoar i USA og spelte inn 21 millionar dollar i opningshelga. Summen tilsvarar nesten heile produksjonsbudsjettet.
Kritikarane er dessutan nøgde, både LA Times, CNN og heime i Noreg. «Maksimalt ubehag» skriv Fædrelandsvennen, «Skrekkfilmhyllest» meiner Adressa.
«Andre Øvredal has done an admirable enough job with the relatively slender material» meiner CNN.
Skremmer vatnet av deg - med glimt i auget
I intervjuet med VG fortel André både om møtet med Gremlins- og Alene Hjemme-skapar Chris Columbus i 2011, og om det udelt positive møtet han har hatt med den amerikanske filmindustrien.
del Toro seier dette om Øvredal:
– Kameraføringa hans er veldig presis og elegant, men også leiken. Det er som om han gir deg ein olboge i sida og blunkar til deg, samtidig som han skremmer vatnet av deg.
Øvredal sitt neste prosjekt er filmatisering av Stephen King sin roman «The Long Walk». Innspelinga er venta å starta tidleg i 2020.
Om filmen
Scary Stories to Tell in the Dark
Regi: André Øvredal
Produsentar: Jason F. Brown, J. Miles Dale, Sean Daniel, Guillermo del Toro, Elizabeth Grave.
Skodespelarar: Zoe Margaret Colletti, Michael Garza, Austin Zajur, Gabriel Rush, Natalie Ganzhorn, Austin Abrams.
Lengde: 108 minutt
Aldersgrense: 15 år
Handling: Året er 1968 og forandringens vinder blåser i USA, men i den lille byen Mill Valley synes alt å være som vanlig - på overflaten. Byens mørke hemmelighet er familien Bellows forlatte hus hvor den unge Sarah for mange år siden skrev ned uhyggelige historier om forferdelige dødsfall. På Halloween går en gjeng med tenåringer inn i spøkelseshuset og finner Sarah Bellows bok. De finner sine egne navn er i det, og innser at alle som er nevnt i boken, kommer til å møte en smertefull død. Kan de redde sine egne liv ved å løse den gåtefulle Sarahs mysterium?